Legevikariat 6 mnd i 100% stilling – Voss herad Voss legekontor
Health and social care Lege(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-11-2024
Deadline: 18-12-2024
Legevikariat 6 mnd i 100% stilling
Har du lyst til å arbeide som sjølvstendig næringsdrivande lege i 6 månader hjå Vossevangen legesenter?
Ein av våre faste legar skal i utdanningspermisjon frå 1.februar – 31.juli 2025 og me ser etter ein som har lyst å vera vikar hjå oss. Vossevangen legesenter er eit privat legesenter, med 5 legar samt sjukepleiarar, legesekretærer og ein LIS1 lege.
Til denne stillinga er det knytt 800 pasientar på legelista
Det er ingen kommunale oppgåver i denne stillinga.
Legesenter nyttar InfoDoc Plenario journalsystem.
Arbeidsoppgåver
- kurativ legetenester
- deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
- løypande oppgåver knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som lege
- spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
- gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- førarkort klasse B
- legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO