Lege i spesialisering, psykiatri – Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Health and social care Lege(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-12-2024
Deadline: 18-12-2024
Lege i spesialisering, psykiatri
Det er ledig stilling for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost og poliklinikk Folgefonn DPS, Valen
Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.
Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Helse Fonna HF legg til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.
Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:
- Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar,
- Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje – psykotiske tilstandar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk.
Valen sjukehus ligg 20 m unna og har videre 2 år med godkjenning på andre områder:
- Akutt psykiatrisk post
- Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg.
Det siste året kan gjennomførast i BUP på tettstad 6 km unna.
Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar spesialisering(ALIS). Ein legg og til rette for ALIS teneste i poliklinikk Odda.
Det er høve til å søkja stilling for ein kortare periode om det er behov for det.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
- Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
- Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer t.d. gruppepolikliniske tilbod som treningspoliklinikk, musikk terapi og strukturert dagbehandling
Kvalifikasjonar
- Godkjent medisinsk embetseksamen.
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande
- Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
- Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må bestå norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter ein pasientorientert medarbeidar med evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode kommunikasjonsevner
- God teamarbeidar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsording, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
- Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus.
- Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffa bustad
Kontaktinformasjon
Rolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, +47 53 65 10 46, rolf.christian.mehl@helse-fonna.no
Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, +47 53 46 64 53, hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 15
5451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4892500840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Folgefonn DPS, Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | VALEN (Adresse: Sjukehusvegen 15 Postnr: 5451) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 18-12-2024 |