Lege i spesialisering – Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Lege

(2 dager siden)

  • VOLDA
  •  Lagt til dato: 11. desember 2024
  •  Expire date: 26. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 26-12-2024

 

Lege i spesialisering

Velkomen til Volda!
BUP poliklinikk Volda har ledig vikariat i 100% stilling for lege i spesialisering.
Vi er ein del av avdeling for psykisk helsevern barn og unge, som er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, samt ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Avdelinga er godkjent utdanningsinstitusjon i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri.

Poliklinikken i Volda er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, småbarnsteam, generalistteam og ADHD-/autismeteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR, PEF, MBT- individualtilbod, gruppebehandling for angst (Cool Kids), OCD-behandling, samt pasient- og pårørande opplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til OCD, psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid.

Som LIS ved BUP Volda vil du arbeide i tverrfagleg team med overlege. Poliklinikken har 4 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar. 
Poliklinikken har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, med mykje godt humør og arbeidsglede. Vi strekker oss langt for at våre LIS skal få best mogeleg faglege utviklingsforhold. Dersom du har planar om fagutviklingsprosjekt eller forsking, er det høve for å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i poliklinikken vår. For meir informasjon om spesialiseringsløpet.

Vi ber om at attestar/tenestebevis frå evt andre arbeidsforhold og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Oppstartdato kan endrast etter nærmare avtale med leiar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
  • Somatiske undersøkingar og medikamentelle vurderingar
  • Pårørande- og familiesamtalar
  • Medverke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
  • Ta del i arbeid med pasienttryggleik, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring av verksemda
  • Samhandling med kommunane, bistå med rådgjeving og rettleiing
  • Ambulant behandling der det er hensiktsmessig

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege, samt godkjent LIS del 1/turnusteneste etter gammal ordning
  • Legar uten LIS del 1 kan søkje midlertidig stilling
  • Du må meistre norsk (evt. dansk/svensk) munnleg og skriftleg
  • Den som får tilbod om stilling må legge fram godkjent politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20a

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
  • Du må kommunisere godt med pasientar og medarbeidarar
  • Du må kunne arbeide strukturert og målretta
  • Å vere personleg eigna for stillinga, samt inntrykk frå intervju vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Høg fagleg standard, der BUP vil tilrettelegge for at tenesta også skal verte relevant for praksis i allmennmedisin
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og respekt
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • LIS i allmennmedisin vil etter behov kunne halde fast ved sin hovudveiledar frå allmennmedisin, men avdeling BUP vil i tillegg oppnemne veiledar som er spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
  • BUP vil legge til rette for deltaking i relevante kurs som gir auka kompetanse både innan barne- og ungdomspsykiatri og spesialiteten allmennmedisin. Eksempel på dette kan være klinisk emnekurs i psykiatri, eller avgrensa terapikurs rettet mot behandling av dei vanlegaste psykiske lidingane hos barn/unge som ein også kan behandle i allmennpraksis
  • Gode rammer for faglig utvikling med:
    -vekentleg rettleiing av spesialist
    -strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
    -individuell utdanningsplan ved tilsetting
    -vanleg dagarbeidstid 0800 -1600
    -gode høve til å ta initiativ til, eventuelt delta i allereie oppstarta, fagleg utviklingsarbeid og forsking
    -4 timar fordjuping i veka
    -vekentlege legemøter, internundervisning i lag med LIS og overleger
    -faste regionale samlingar med andre LIS i Midt-Noreg
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda og omegn her.

Kontaktinformasjon

Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4890504261
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.02.2025
Sluttdato: 14.02.2026
Søknadsfrist: 26.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6100)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 15-02-2025
Søknadsfrist 26-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b4f25345-9290-4cc9-9f04-32113be0353b
IMPORTAPI