Lege i spesialisering, plastikkirurgi -vikariat – Kirurgisk klinikk, Helse Bergen

Health and social care Lege

(13 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 30. oktober 2024
  •  Expire date: 13. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 13-11-2024

 

Lege i spesialisering, plastikkirurgi -vikariat

Haukeland universitetssjukehus, Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi, Nasjonalt brannskadesenter, har ledig 1-2 stillinger i 12- månaders vikariat som lege i spesialisering i plastikkkirurgi. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Avdelinga har kvart år om lag 2 500 avdelingsopphald og nærare 11 000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga gjennomfører behandling innan alle fagfelt som inngår i utdanningsprogrammet for plastikkirurgi. Avdelinga har nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskadebehandling og fleirregional behandlingsteneste for leppe- kjeve- ganespaltebehandling. 

Det er 5 avdelingar i kirurgisk klinikk:
*  Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
*  Avdeling for gastro- og akuttkirurgi
*  Avdeling for karkirurgi
*  Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
*  Avdeling for urologi

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.

Ønsker ikkje kontakt med rekrutteringsbyrå eller annonseseljarar. Søknadar utanom WebCruiter vil ikkje bli behandla. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver i samsvar med nasjonale krav til spesialistutdanninga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i plastikkirurgi
  • Relevant sjukehuserfaring

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Vi søker ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hans Christian Sylvester-Jensen, Leiar, hans.christian.sylvester-jensen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4878528736
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk klinikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helsebergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5d6f3629-b7d6-4778-9480-b696d9b8cece
IMPORTAPI