Lege i spesialisering Øre-Nese-Hals sjukdomar – ØNH Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Lege

(2 dager siden)

  • ÅLESUND
  •  Lagt til dato: 3. november 2024
  •  Expire date: 18. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 03-11-2024
Deadline: 18-11-2024

 

Lege i spesialisering Øre-Nese-Hals sjukdomar

Vi har ledig vikariat for Lege i spesialisering innan Øre-Nese- Hals sjukdomar. Vikariatet er frå 01.01.25 – 30.07.25, med mulighet for forlengelse.

ØNH-seksjonen har 5 overlegar og 4 LIS, og omfattar hørselssentral og audiopedagogisk eining.

Seksjonen dekker eit breidt kirurgisk spekter, bl.a. mellomørekirurgi, bløtdelskirurgi, nese-bihule-operasjoner, larynks og plastisk ansiktskirurgi. Det finnst eit tett samarbeid med barneavdeling herunder barne/nyfødtintensiv og kreftavdeling.

LIS har eiga vaktordning. Det er lagt opp til at LIS får utvikle ferdigheiter i heile faget si bredde. Utdanningsløpet er lagt i kooperasjon med ØNH-avdeling ved St. Olavs universitetssjukehus i Trondheim.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid Poliklinikk
  • Sengepostarbeid
  • Operasjoner i lokal- og generell anestesi
  • LIS har egen vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege og beherske eit skandinavisk språk både skriftleg og munnleg.
  • Erfaring innan ØNH-fag og evt andre fag kan vere relevant
  • Gjennomført LIS1 teneste, norsk turnusteneste eller tilsvarande teneste godkjent av Helsedirektoratet.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnene
  • Du er strukturert og imøtekommande
  • Du er pasientorientert
  • Du har gode samarbeids eigenskapar
  • Du er engasjert
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Kristi Stray Slørdahl, Seksjonsoverlege, kirsti.stray.slordahl@helse-mr.no
Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, +47 70105271, Monika.Berget@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4865858575
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 30.07.2025
Søknadsfrist: 18.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ØNH Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 02-01-2025
Søknadsfrist 18-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e85fbd1d-e73a-4b35-9f72-049ffa14de7c
IMPORTAPI