Lege i spesialisering (LIS3) eller lege  – BUP Haugesund, Helse Fonna HF

Health and social care Lege

(16 timer siden)

  • HAUGESUND
  •  Lagt til dato: 24. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 24-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Lege i spesialisering (LIS3) eller lege 

Er du ein entusiastisk lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna.

Vi har ledig to faste LIS3-stillingar med ønskje om snarleg tiltreding. Er du LIS1 og ventar på plass, oppfordrar vi også deg til å søkje. Søkjaren til LIS3 stillinga må ha gjennomført LIS1.

I vårt legemiljø på BUP vil du finne eit trygt og støttande arbeidsmiljø. Vi er for tida åtte overlegar, fem LIS3 og ein som ventar på LIS1. I tillegg bidreg ein overlege på pensjonistavtale med sin kompetanse.

BUP Haugesund tilbyr tenester på spesialistnivå til barn og unge frå 0-18 år. Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer ti kommunar: Karmøy, Haugesund, Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Vi har to poliklinikkar og ein sengepost. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtale med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å gjennomføre heile utdanningsløpet i Haugesund.

Vi ser fram til å motta søknaden din og ønskjer deg velkommen til eit engasjerande og givande arbeidsmiljø!

Vi legg stor vekt på å tilby gode helsetenester for barn og unge. Sjå filmen om prosjektet vårt og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM   

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom
  • Delta i vaktordning for legar
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren til LIS 3 stillinga skal ha gjennomført LIS1
  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon
  • Erfaring frå BUP er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

    • likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
    • har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
    • arbeider strukturert og sjølvstendig
    • er kreativ, nytenkjande og fleksibel

    Personlege eigenskapar blir vektlagde

    Vi tilbyr

    • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling
    • Arbeid i tverrfaglege team
    • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater
    • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus
    • Kompetanseheving og spesialiseringsløp
    • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer
    • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset
    • Løn etter gjeldande overeinskomst

    For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden

    Haugesund by
    Haugesund er ein mellomstor norsk by med ca 40 000 innbyggjarar. Nærregionen har rundt 180.000 innbyggjarar. Haugesund ligg på vestkysten av Norge, mellom Bergen som er Norges nest største by og Stavanger. Byen har alle fasilitetar, bl.a. internasjonal lufthavn, cruisehavn og et aktivt kulturliv bl.a. fleire store årlige kulturfestivalar inkl. internasjonal filmfestival og jazzfestival. Regionen har variert natur med sandstrender, nærhet til turområder i fjellet og tilgang til fiskemoglegheiter i sjø. BUP Haugesund ligg sentralt plassert i Haugesund. 

    Sjå film om Haugesund og vår region:  https://www.visitnorway.com/places-to-go/fjord-norway/haugesund-haugalandet/?lang=uk  

    Mangfaldserklæring
    Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Margrethe Reigstad Aase, Psykologspesialist/funksjonsleiar, 52732850
    Marit Elisabeth Ness, Psykologspesialist/funksjonsleiar, 52732850
    Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850
    Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850

    Arbeidsstad

    Vinjes gate 10
    5522 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 4876963280
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 17.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver BUP Haugesund, Helse Fonna HF orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

     

    Webside
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Lege
    Sted HAUGESUND (Adresse: Vinjes gate 10 Postnr: 5522)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 17-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ea257b51-9717-4bc8-909f-a8c2abc099c4
    IMPORTAPI