Lege i spesialisering – Kvinneklinikken, Helse Førde

Health and social care Lege

(2 dager siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 21. november 2024
  •  Expire date: 8. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 21-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Lege i spesialisering

Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for LIS. Oppstart snarast/etter avtale. 

Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus har ei fødeavdeling med 850-900 fødslar per år. Stor aktivitet på gynekologisk poliklinikk, fødepoliklinikk og operasjon. Behandling av gynekologisk kreft i samråd med HUS. Ved lokalsjukehusa på Eid og Lærdal har ein God start einingar med barsel- og poliklinisk tilbod. 

Tilstadevakt av LIS- og overlege. LIS-lege går 6-7-delt rullerande tenesteplan, 6-7-delt vakt.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelinga driv poliklinikkar innan gynekologi og obstetrikk
  • Operative prosedyrar innan generell gynekologi
  • Fødeavdelinga har fødslar i fylket frå svangerskapsveke 31 
  • Kreftbehandling i samråd med Kvinneklinikken i Bergen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført turnusteneste/LIS1
  • Ønskjeleg med erfaring innan fagfeltet
  • Utdanningsretning:  Medisin
  • Utdanningsnivå:       Profesjonsstudium 
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du har gode samarbeidsevner, er initiativrik og arbeidsvillig
  • Du er målretta og får arbeidet gjort 

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Rekrutteringstillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Utviklande og godt arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Astri Rege, Seksjonsleiar legar/overlege KK, 913 11 435

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4888431288
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinneklinikken, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d56af630-b277-4777-9e5e-d28ebba37560
IMPORTAPI