Lege i spesialisering – Klinikk for medisin Haugesund og Odda sjukehus
Health and social care Lege(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 30-12-2024
Deadline: 15-01-2025
Lege i spesialisering
I Medisinsk klinikk har vi frå 1. mars 2025 ledig 2 faste stillingar og 2 vikariat som lege i spesialisering. Tidlegare eller seinare oppstart kan avtalast.
Avdelinga er aktiv og har stort fokus på fag og utdanning. Læringskurva er bratt, og ein tileignar seg raskt solid kompetanse innan det indremedisinske fagfeltet.
Vi ønsker å tilby gode arbeids- og lønsvilkår til våre legar i Helse Fonna.
Vi har derfor bedret basislønnen for LIS 2/3. Lågaste lønskategori ved oppstart for LIS 2/3, uavhengig av ansiennitet, er derfor lønskategori B (2-4 år av gjennomført tid i spesialisering). Det er i tillegg innført et kollektiv tillegg for LIS 2/3 ved oppstart, tillegget aukar etter ansiennitet.
Avdelinga har godt arbeidsmiljø med god oppfølging av LIS2/3, det er tett samarbeid med spesialistgruppa, låg terskel for drøfting og diskusjon. Gjennom introduksjonsprogram skal nye legar i avdelinga få god innføring, med mål om å kjenna seg trygge i møte med faget.
Stillingane føreset deltaking i pr. no 15 – delt vaktlag.
Legar som ventar på LIS 1 teneste, oppfordrast til å søkja, avdelinga kan ha nytte av slike legeressurser.
Medisinsk avdeling inkluderer Hjerte- og lungeavdeling, Avdeling for Eldremedisin, Medisinsk Avdeling A og Medisinsk Avdeling B.
Avdelinga er godkjend som utdanningsavdeling for generell indremedisin, kardiologi, geriatri, lungesjukdomar, gastroenterologi, nefrologi, endokrinologi og blodsjukdomar.
Send inn din søknad idag – me gler oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Arbeid ved sengeeining
- Delta i utgreiing og behandling
- Delta i tilstedevakt, pt. 15-delt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Gjennomført turnusteneste/LIS1-teneste
- Relevant erfaring frå LIS-stilling på sjukehus blir vektlagd
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- arbeider godt både sjølvstendig og i team
- har evnen til å ta sjølvstendige avgjersler
Vi tilbyr
- Eit godt kollegialt miljø
- Høgt fagleg nivå
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Kontaktinformasjon
Borghild Aakra, Klinikkoverlege, +47 52732096
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4896097036
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 15.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klinikk for medisin Haugesund og Odda sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-03-2025 |
Søknadsfrist | 15-01-2025 |