Lege i spesialisering indremedisin/ hematologi/ geriatri/ kardiologi – Avdeling medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Lege(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-11-2024
Deadline: 11-12-2024
Lege i spesialisering indremedisin/ hematologi/ geriatri/ kardiologi
Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig ei fast og tre midlertidige stillingar for Lege i spesialisering i indremedisin.
Vi har ledige stillingar i spesialiseringløp innan indremedisin og ulike spesialiteter. Ta kontakt om du har spesielle interesser for et spesifikt fagfelt. Tilsetting frå snarast, men vi er fleksible på oppstart utover våren-25. Startdato kan avtalast.
Medisinsk avdeling er den største avdelinga ved Ålesund sjukehus. Den inneheld 3 sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slagenhet. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt. Seksjonen set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost
- Supervisjon/rettleiing av LIS1
- Internundervisning
- Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
- Utviklings- og forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
- Evne til fleksibilitet
- Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å samarbeide
- Du bidreg til innovasjon
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 70106334, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4884040427
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 11.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling medisin Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-12-2024 |