Lege i spesialisering i medisinsk genetikk – vikariat – Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen
Health and social care Lege(23 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Lege i spesialisering i medisinsk genetikk – vikariat
Avdeling for medisinsk genetikk (MGM), Helse Bergen, har ledig 1 års vikariat 100% stilling som lege i spesialisering i medisinsk genetikk, med oppstart 01.01.2025. Anna startdato kan avtalast. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga.
MGM er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt arveleg tilstand. Avdelinga har regionansvar for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar og merkantil seksjon.
Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan Medisinsk-genetisk poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft og Regionalt senter for presisjonsmedisin er også knytt til avdelinga.
Fagområdet medisinsk genetikk er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve.
Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.
Avdelinga er godkjend utdanningsinstitusjon for heile utdanningsløpet i medisinsk genetikk (60 månader). Ny utdanningsmodell for legespesialistar er innført frå mars 2019. Spesialiteten er utan del 2. (LIS går direkte frå del 1 til del 3). Utdanningsløpet kan avhenge av tidlegare erfaring og eventuelt særskild interesseområde. Individuell utdanningsplan vert utarbeidd med LIS i samband med tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Genetisk utgreiing og rettleiing av pasientar og familiar
- Regelmessig poliklinikk ved Medisinsk genetisk poliklinikk ved Haukeland universitetssjukehus og andre helseføretak i helseregionen
- Legeoppgåver knytta til den laboratoriediagnostiske verksemda
- Deltaking i vaktordningar innanfor avdelinga si opningstid
- Undervising av anna helsepersonell, pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett i vikariat som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i medisinsk genetikk
- Yrkeserfaring frå medisinsk genetikk eller anna relevant legearbeid etter LIS1, eller anna teneste eller forsking/PhD som er særskild relevant for medisinsk genetikk er ein fordel
- Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller eit skandinavisk språk, både skriftleg og munnleg
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Gode IKT-kunnskapar og evne til å lære nye datasystem
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og stor interesse for medisinsk genetikk
- Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider målretta og strukturert, med respekt for tidsfristar
- Du er innsatsvillig, og har evne til å ta sjølvstendige avgjerder
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du bidrar positivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Øyvind Thorgrimsen-Stensvold, Seksjonsleiar, 55975475
Hildegunn Høberg Vetti, Seksjonsoverlege, 55975475
Gyri Aasland Gradek, Seksjonsoverlege, 55975475
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4887799301
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 12-12-2024 |