Stillingsbeskrivelse

Published 24-09-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Lege i spesialisering, Fysikalsk medisin og rehabilitering

Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei «snill vaktordning»?

Då må du
søke denne stillinga!

Vi har ledig 1 fast stilling for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med
oppstart 1. desember 2024, eller etter avtale. Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som tilhøyrer klinikk for kreftbehandling og
rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 24 senger + 4 senger på pasienthotellet.
Pasientgruppene som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive
funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet,
multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter
innlegging til desse pasientgruppene.

Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv
HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett samarbeid i tverrfaglege team både sengepost og poliklinikk.
Legegruppa er ein ung og framoverlent gruppe som bidreg til fagutvikling og til utdanning av nye
spesialister. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.  

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid
  • Poliklinisk arbeid
  • Det er forventa at ein deltek i seksjonen si vaktordning
  • LIS har vakt for tida kvar 6. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 – 21.00, og
    i helg frå 09.00 – 14.00. Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og gjerne erfaring
    med både sengepost og poliklinisk arbeid
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

Kontaktinformasjon

Hanne Svejstrup Elde, Seksjonsleiar, +47 41248018, hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4861066031
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Poliklinikk fysikalsk medisin og nevropsykologi, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c76b2bd0-c6c2-4cf5-929c-36db4f9dc773
IMPORTAPI