Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 27-11-2024

 

Lege i spesialisering anestesiologi

Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering (LIS) innan anestesiologi. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal(SNR)  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  

Arbeidsoppgåver

  • Delta i den kliniske drifta
  • Delta i avdelinga si vaktordning
  • Bidra med fagutvikling og opplæring av studentar og samarbeidande personell
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må ha gjennomført LIS1
  • Må har gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • Engasjert
  • Fleksibel
  • Har gode samarbeidsevner
  • Finner løysingar på problemer åleine eller i fellesskap med andre
  • Sjølvstendig på det som vert forventa på ditt nivå
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Per Johan Lans, Seksjonsleiar lege, Per.Johan.Lans@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4883479871
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Anestesileger Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted KRISTIANSUND N (Adresse: Herman Døhlens vei 1 Postnr: 6508)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0d7be65f-0099-42cd-b41e-3d5097e72254
IMPORTAPI