Lege i spesialisering 2/3 – NPS Døgn, Helse Førde
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(19 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 09-01-2025
Deadline: 02-02-2025
Lege i spesialisering 2/3
Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon døgn har ledig fast stilling for LIS 2/3. Oppstart: 01.04.2025.
Ved Nordfjord psykiatrisenter er vi opptekne av å gjere ein innsats for menneske som opplever psykiske vanskar i ulike fasar i livet. Ved Seksjon døgn har vi 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. På psykiatrisenteret har vi tre seksjonar med til saman omlag 75 årsverk, m.a. psykologar, overlegar, lege i spesialisering, sosionomar, helsesportspedagog, erfaringskonsulentar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske vanskar og/eller rusproblem
- Kontaktlege for pasientar i døgnbehandling
- Behandling ut frå den einskilde pasient sine behov
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar og pårørande
- Stillinga inngår i NPS sin vaktlegeordning
- Deltaking i tilsynsordning ved Nordfjord sjukehus
Kvalifikasjonar
- Lege med norsk autorisasjon, fullført LIS1
- Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med psykiske lidingar og rusproblem
- Evne til samarbeid og til å tenkje heilskapleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
- Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfaglege team
- Evne til å prioritere oppgåver i ein hektisk kvardag
- Personleg eigna vert vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtale
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Tilrettelegging for spesialisering
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Triveleg arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 57 86 43 35
Arbeidssted
Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4904400397
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.02.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | NPS Døgn, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6770) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-02-2025 |