Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar i det nye tenesteområdet Helse- og omsorg – Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Health and social care Sykepleier(13 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 04-12-2024
Deadline: 15-12-2024
Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar i det nye tenesteområdet Helse- og omsorg
Vi har fylgjande ledige stillingar:
-
66% fast stilling som sjukepleiar, for tida ved Vågåheimen på natt
-
100% vikariat som sjukepleiar for tida ved Vågåheimen på dag og kveld, 1 år med moglegheit for forlenging/fast tilsetting
-
55% vikariat som helsefagarbeidar, for tida ved Vågåheimen på dag og kveld, førebels ut 2025 men med moglegheit for forlenging.
-
100% fast stilling som sjukepleiar, for tida i Heimetenesta.
-
100% vikariat som sjukepleiar, for tida i Heimetenesta fram til ut mai 2025, med moglegheit for forlenging.
Helgefrekvens for sjukepleiarstillingane er per dags dato kvar 3. helg.
Helgefrekvens for helsefagarbeiderstillinga er per dags dato kvar 3. helg pluss en ekstra helg per 12 uker (cirka 4 på 12 månader).
Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.
Arbeidsoppgåver:
-
Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar og helsefagarbeidar
-
Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
-
Samarbeid med pårørande og andre
-
Ansvarsvakt for sjukepleiarar
-
Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
-
Autorisasjon som sjukepleiar / helsefagarbeidar
-
Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
-
Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
-
God fagleg innsikt og tryggheit
-
For stillingane med tenestestad for tida i Heimetenesta kan søkjarar med anna relevant fagleg bakgrunn enn sjukepleiar bli vurdert.
-
For stillingane med tenestestad for tida i Heimetenesta er det krav om førarkort klasse B.
Eigenskapane dine:
-
Fagleg engasjert
-
Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
-
Kreativ og endringsorientert/-viljug
-
Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
-
Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet
-
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Fleksibel og lojal
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
-
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
-
Arbeid i tverrfagleg team
-
Kompetanseheving og fagleg utvikling
-
Eit godt fagmiljø og gode, rutinerte kollegaer
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du hva for stillingar du eventuelt søkjer på.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar.
Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er.
Søknad
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 15.12.2024
Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:
Vågåheimen: tenesteleiar Marianne Herlofsen Stadeløkken, tlf. 97029735.
Heimetenesta : tenesteleiar Kitt Heidi Telebond tlf. 90185854.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
DIVERSE INFO