Ledige stillingar – Lærdal kommune Sogn LMS og helse
Health and social care Sykepleier(15 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Ledige stillingar
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Me kan nemna Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Lærdal kommune har ledig to 100% faste stillingar som Sjukepleiar/Paramedic/Vernepleiar ved Sogn lokalmedisinske senter. Begge stillingane er i tredelt turnus med dag, kveld og nattevakter i virkedagar, og med langvakter på helge- og høgtidsdagar. Dette gjev oss høve til å tilby arbeid kvar fjerde helg og 33,6 timers arbeidsveker for våre tilsette.
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for å besvara legevaktstelefon (116117), samt legevaktformidling til samarbeidande legevaktslegar i kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).
Me har legevakt og tek imot pasientar frå kommunane i Indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal) på kveld, natt, helg og høgtidsdagar.
Krav til utdanning:
- Krav til 3-årig relevant bachelorutdanning med norsk autorisasjon
- Tilleggskrav til kurs i akuttmedisin, handtering av trugsmål, vald og overgrep. Arbeidsgivar tilbyr og dekkjer desse kursa
- Gode språkkunnskapar innanfor norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
- God formidlingsevne
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Arbeidsoppgåver:
- Operere legevaktstelefon (116117) for kommunane i Sogn
- Mottak og triagering av pasientar
- Ta vitale målingar av pasientar, eventuelt EKG
- Starte intravenøs behandling i påvente av innlegging eller vidare transport
- Kortare observasjon av pasientar
- Assistere vakthavande lege ved sying, sårstell, gipsing med meir
- Rettleia og gje råd til pasientar/innringarar over telefon og videokonsultasjon
- Nytte nasjonale verkty som Norsk medisinsk index i kartlegging og triagering av pasientar
Arbeidstid:
Turnusarbeid
Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester.
Me kan tilby:
- Rekrutteringstilskot kr 60.000 som eingongsutbetaling og bindingstid i 2 år.
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Kurs og opplæring i tråd med nasjonale krav til legevakt og legevaktsentral
- Ønsketurnus i form av årsarbeidsplan, med mogelegheit for tilrettelegging for pendling eller andre høve
- Overnattingstilbod for tilsette som bur i andre kommunar
Lærdal kan by på:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit vel av friluftsmoglegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots med meir
- Eit rikt kulturliv med mange små og store arrangement gjennom året, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakafisk-VM, motbakke- og terrengløp med meir
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO