Ledige helgestillingar på Luranetunet – Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Construction Andre ingeniorer(2 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 30-10-2024
Deadline: 31-01-2025
Ledige helgestillingar på Luranetunet
Vi har ledige helgestillingar med arbeid i turnus både dag, kveld og natt for engasjert helsepersonell som vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Luranetunet bu- og behandlingsenter, er det deg?
Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar.
Som tilsett på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Arbeidstid og stillingsstorleik
Arbeidstid vil vera på helg; enten fredag, laurdag, søndag eller berre laurdag og søndag. Det kan vera aktuelt med annakvar helg, tredje kvar helg eller kvar fjerde helg i langvakter. Dette vert bestemt ut frå behov og ønskje. Dette vert også avgjerande for stillingsstorleik. Skriv gjerne i søknaden kva ønskjer du har.
Kvalifikasjonar
– Du har helsefagleg utdanning eller er i eit utdanningsløp.
– Du har relevant arbeidserfaring og interesse for å arbeide med menneske og vurderer gjerne å ta helsefagleg utdanning
– Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne
– Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.
Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling og behandlingsavdeling med til saman 40 plassar. Her kjem det inn pasientar inn både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. På langtidsavdelingane har vi 2 buavdelingar, og 5 avdelingar tilpassa personar med demens sjukdom. Bebuarane våre er i ulike fasar av sjukdomen sin. Nokre er i god fysisk form, medan andre er i livets sluttfase. Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette – og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter – Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Vi kan tilby
- God oppfølging og rettleiing i avdelinga
- Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO