Ledig vikariat som PRODUSENT i Førdefestivalen – Førdefestivalen
Kultur og kreative yrker Underholdning scene og teater(7 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Ledig vikariat som PRODUSENT i Førdefestivalen
Har du lyst på erfaring frå ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger? No har du sjansen.
Ledig vikariat som PRODUSENT i Førdefestivalen
Ein av våre to produsentar skal ut i svangerskapspermisjon, og vi søkjer etter vikar i 100% stilling frå 18. februar til 30. september 2025.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
-
Har kompetanse innan arrangements- og prosjektavvikling
-
Er utadvendt, ryddig, resultatretta og gode samarbeidsevner
-
Er god på å motivere og engasjere menneske til arbeid mot felles mål
-
Har lyst og evner til å jobbe i eit travelt og kreativt arbeidsmiljø prega av stort engasjement og tidvis store arbeidstoppar
-
Skriv godt både på nynorsk og engelsk
Arbeidsoppgaver
Som produsent på Førdefestivalen vil du ha følgjande arbeidsoppgåver:
-
Ansvar for reiser og opphald for artistane
-
Rekruttering og leiing av frivillige
-
Andre oppgåver i samband med planlegging og praktisk avvikling av festivalen
-
Ansvar for festivalen si turnéverksemd VestaFolk
-
Anna relevant festivalarbeid
-
Budsjettansvar for dine ansvarsområde
Interesse for og kunnskap om folkemusikk/verdsmusikk er ein fordel. Produsent rapporterer til direktør.
Vi tilbyr
Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Førdefestivalen orgnr: 932070995 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk og eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i Norge. Festivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert arrangert over 5 dagar i veke 27 kvart år. Festivalen si heilårsverksemd omfattar familiefestivalen Bornas Verdsdag i november og turnétilbodet VestaFolk. Festivaladministrasjonen ligg i Førdehuset, Førde. |
Webside | https://www.fordefestival.no/ |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Underholdning, scene og teater |
Sted | FØRDE (Adresse: Angedalsvegen 5 Postnr: 6800) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 18-02-2025 |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |