Ledig stilling – Lærdal kommune Tekniske Tenester

Construction Arealplanlegging og arkitektur

(17 timer siden)

  • LÆRDAL
  •  Lagt til dato: 13. oktober 2024
  •  Expire date: 11. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 13-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Ledig stilling

Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Me kan nemna Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Ønskjer du ein spennande jobb innan eit viktige arbeidsfelt? Har du byggteknisk, planfagleg, eller eigedom som utdanning og bakgrunn?  Då søkjer Lærdal kommune etter deg til 100 % fast stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjekt- og byggeleiing ved gjennomføring av ulike prosjekt knytt til kommunen sine bygningar og tekniske anlegg m.m.
  • Planlegging og gjennomføring av vedlikehald av tekniske anlegg og bygningsmasse
  • Saksbehandling etter plan- og bygningslova
  • Andre arbeidsoppgåver etter nærare avtale

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning som byggingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskule eller teknisk fagskule
  • Relevant erfaring innan fagområda, og gjerne innan offentleg forvaltning og saksbehandling etter Plan- og bygningslova
  • Kjennskap til relevante lover og offentleg forvaltning, samt lov om offentleg innkjøp
  • Kompetanse og interesse knytt til digitalisering og GIS-løysingar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Du har gode samarbeidsevner, er serviceinnstilt og ser nytten av arbeida på tvers av tenesteområda. Stå på-vilje.
  • Du bør lika å arbeida i team – vera ryddig, strukturert, løysingsorientert, og utviklingsorientert

Me kan tilby:

  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting i 100% fast stilling, løn og arbeidsvilkår i samsvar med kommunen sitt reglement. Løn etter avtale gjeld for denne stillinga.

Søkjar må ha førarkort for bil.

Målform kommunen nyttar er nynorsk

Link til søknadsskjema: Søk her

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lærdal kommune Tekniske Tenester orgnr: 974587181
Kort om arbeidsgiver I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Webside
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted LÆRDAL (Adresse: Øyraplassen 7 Postnr: 6887)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ab7031af-80e1-44d1-a566-97544f568826
IMPORTAPI