Ledig stilling – Lærdal kommune Pleie og omsorg

Health and social care Helsefagarbeider

(6 dager siden)

  • LÆRDAL
  •  Lagt til dato: 18. november 2024
  •  Expire date: 15. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Ledig stilling

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

 

Lærdal kommune søker helsefagarbeidar/hjelpepleiar i 100% fast stilling

Pleie og omsorg er i ein stadig utvikling der me jobber med oppgavefordeling via TØRN.

Pleie og omsorg skal starte med årsturnus der langvakter på helg er mogelege, difor søkjer me da etter fleire dyktige helsefagarbeidarar

Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplever å meistre sin sjukdom/ helseplage i størst mogleg grad.

Du vil jobbe samen i team med anna helsefagleg personell, og ha ansvar for å utøve forsvarleg hjelp, pleie og omsorg. 

Som helsefagarbeider/hjelpepleier vil du arbeide systematisk med velferdsteknologi, ernæring,medikamenthandtering, kvardagsrehabilitering og mykje meir.

Er dette deg?

  • Høg arbeidsmoral
  • Ynskjer fagleg og personleg utvikling
  • Trivest i eldreomsorga
  • Fleksibel og god på samhandling – finn den beste løysninga
  • Serviceinnstilt og positiv
  • Handlingsorientert og ansvarsbevisst
  • Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
  • Fleire stillingar knytt til helg/ tilkalling (studentar på helsefag vert oppfordra til å søkje)

Hjå oss får du:

  • Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer
  • Fagleg utvikling gjennom kurs og rettleiing
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Moglegheit for vidareutdanning med økonomisk støtte
  • Kompensasjon som rettleiar for lærlingar
  • Støttande leiing
  • Gode pensjonsordningar, ulykkes- og gruppelivsforsikring

Kva kvalifikasjonar me krev:

  • Autorisasjon som helsefagarbeider eller hjelpepleier
  • Gode ferdigheter innan IKT
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 for søkjarar utanfor Skandinavia
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest

Lønnsvilkår

  • Lønn etter tariff
  • 2 % pensjonsinnbetaling KLP

Om arbeidsgjevaren:

Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.

Kvalitet i tenestene vert skapte gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.

Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 22 plassar, 4 korttid og 18 langtids plassar.

I tillegg har vi eige kjøkken, fysio/ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove.

Heimebasert omsorg yter tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader, i tillegg til alle flotte teneste mottakaranevåre rundt om i bygda. Vi er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Lærdal kommune Pleie og omsorg orgnr: 976674618
Kort om arbeidsgiver I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted LÆRDAL (Adresse: Øyraplassen 7 Postnr: 6887)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/207a03bc-5370-46a1-945c-753d6161774b
IMPORTAPI