Ledig stilling – Lærdal kommune Pleie og omsorg
Health and social care Hjemmehjelper og personlig assistent(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-11-2024
Deadline: 15-12-2024
Ledig stilling
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Me har 30% fast stilling som brukarstyrt personleg assistent. Stillinga er hjå ei dame.
Stillinga kan kombinerast med 70% stilling i heimebasert omsorg slik at stillinga vert 100%.
I tillegg treng me tilkallingsvikarar til same tiltak.
I stillinga vil du:
- inngå i turnus saman med andre
- arbeidstida er hovudsakleg på utvalde vekedagar frå kl 10.30-16.00
- må pårekne noko vakter på ettermiddag/kveld ved planlagde reiser
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:
Arbeidsoppgåvene er allsidige med både praktiske og personlege gjeremål. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- positiv haldning
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- fleksibilitet og løysingsorientert
- evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum B2
- like å lage mat
- rydding og erfaring med hushald
- førarkort kl B
Me søkjer ein person som er positiv, motiverande og har godt humør.
Me kan tilby:
- opplæring
- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- god pensjons- og forsikringsordning
Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men ved tilsetjing.
Lønnsvilkår:
- lønn etter tariff
- pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO