Stillingsbeskrivelse
Published 25-10-2024
Deadline: Snarest
Ledig lærarvikariat 100%
Me har ledig lærarvikariat i 100% stilling frå 1.desember 2024 –
1.desember 2025 med moglegheit for forlenging.
Hosanger Montessoriskule er ein liten montessoriskule som ligg idyllisk til
nord på Osterøy.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjoner me ser etter:
• nokon med genuin interesse for barn og deira utvikling
• utdanning i montessoripedagogikk eller interesse for montessorifilosofien
• god til å kommunisere og samarbeide, men og å arbeide sjølvstendig
• evne til å sjå den einskilde sine behov og skapa eit inkluderande og støttande læringsmiljø
• undervisningskompetanse
Arbeidsoppgaver
Me arbeidar etter prinsippa i montessoripedagogikken, som tar utgangspunkt i barnet si utvikling. Elevane får utforske og nytte nysgjerrigheiten sin og lære gjennom erfaringar og eigne oppdagingar. Dei tar aktivt del i, og får ansvar for å vere deltakande i si eiga læring. Vårt mål er å skapa ein inkluderande skule der læring er eit felles ansvar. No treng me fleire vaksne, og håpar at du har lyst å bli kjent med oss og jobba på skulen vår.
Me har aldersblanda grupper der 1.-4. trinn er ei gruppe og 5.-7. trinn er ei gruppe. Du vil i hovudsak arbeide i gruppe 1 med 1.-4.trinn.
Vi tilbyr
• løn etter kvalifikasjon og avtale
• ein spennande og variert arbeidsdag
• eit kollegium som er utviklingsorienterte, kreative og løysningsorienterte
• eit fellesskap av dedikerte tilsette og engasjerte elevar
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Hosanger Montessoriskule orgnr: 987781475 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Hosanger Montessoriskule er ein liten montessoriskule som ligg idyllisk til nord på Osterøy. Me har gode nyoppussa undervisningslokale og eit stort og variert uteområde med turmoglegheiter, leikeområde, skulehage og høner. |
Webside | https://hosanger.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | LONEVÅG (Adresse: Tveitavegen 65 Postnr: 5282) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-12-2024 |
Søknadsfrist | Snarest |