Ledig helgestilling i Svamyra bustad – Osterøy kommune

Construction Ingenior bygg

(20 timer siden)

  • LONEVÅG
  •  Lagt til dato: 8. oktober 2024
  •  Expire date: 25. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 08-10-2024
Deadline: 25-10-2024

 

Ledig helgestilling i Svamyra bustad

Om stillinga

Bu- og avlastingstenesta gjev tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjev tenester til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

 

Me har no ledig ei fast helgestilling på 22,80% som miljøarbeidar/assistent ved Svamyra bustad. Stillinga er i arbeidsplan med arbeid kvar 4. helg med langvakter. Bustaden gjev tenester til 4 bebuarar med ulike behov. Me søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein person som kan gje trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar. Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfølging av miljøarbeidet. 
  • Bidra til å skape trygghet og trivsel. 
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde. 
  • Hjelp, rettleiing og og støtte til daglege aktivitetar. 
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar. 
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov. 
  • Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk. 
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev i helsefag eller barne-og ungdomsarbeidarfaget 
  • Det er ønskjeleg med kompetanse innan personer med utviklingshemming 
  • Erfaring med kap 9 tvang og makt er ønskjeleg 
  • Sertifikat klasse B er eit krav 
  • Egnethet vil bli vektlagt

Spørsmål om stillinga

Linda Olsen Vågenes, Avdelingsleiar Bu- og avlastningstenesta

Telefon: 46299752 | E-post: linda.olsen.vagenes@osteroy.kommune.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Ingeniør bygg
Sted LONEVÅG (Adresse: Hatland Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/79568758-ec28-4919-ace3-a57e2850a57d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268184