Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 18-11-2024

 

Ledig 80 % vikariat som helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved Vik helse- og omsorgssenter, sjukeheim

Me har ledig

1 x 80% vikariat som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar ved Vik helse og omsorgssenter, sjukeheim. Stillinga er tredelt, og inngår i årsturnus med arbeid kvar 3. helg, moglegheit for langvakter frå januar i samband med TØRN-prosjektet. Stillinga er ledig frå snarast.

Sjukeheimen er med i KS sitt TØRN-prosjekt, og jobbar med utprøving av nye arbeidstidsordningar. Det vert gjort forsøk med oppgåve- og arbeidsfordeling, samt langvakter på helg, frå januar 2025. Tørn-prosjektet er ei spennande utvikling i arbeidskvardagen vår, og kan mellom anna medføra endringar i vaktlengder og helgefrekvens (me vil t.d teste ut: langvakter med arbeid omlag 13 helgar pr. år).

Kommunen tilbyr tilskot til flytting og buutgifter kr. 40 000,- årleg i to år.

Om arbeidsstaden

Kommunen er liten men tenkjer stort, og bygger nye og moderne lokale med sjukeheim, lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på spanande framtidsretta utvikling i kommunen. Er du opptatt av faget ditt og har ynskje om fagleg og personleg utvikling ynskjer me at du kjem og arbeidar saman med oss i vakre Vik kommune sine helse og velferdstenester.

Vik Helse og omsorgssenter, sjukeheim yter tenester til alle typar pasientgrupper, og jobbar mellom anna med demensomsorg, rehabilitering og avlastning, samt behandlingar retta mot kroniske, somatiske tilstandar. Me har eitt KAD-rom, og eitt rom for lindrande behandling, som også er med inn i nybygget. Me jobbar med alle typar sjukepleiefaglege prosedyrar, og gir både avansert lindrande behandling, og intravenøse behandlingar, sårbehandlingar, og mykje meir. Det er tett samarbeid mellom sjukeheim, heimetenestene, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling. Me har tilsynslege i 1,5 dag per veke på sjukeheimen.

Me tilbyr

  • Tilskot til flytting og buutgifter kr. 40 000,- årleg i to år.

  • Støtte til relevant vidareutdanning, fadderordning og sirkulering mellom ulike avdelingar om ynskjeleg.

  • Varierte og meiningsfylte oppgåver i eit fagfelt i stadig utvikling.

  • Mogelegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving.

  • Gode lønnsvilkår.

  • Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga.

  • Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad.

  • Helsefaglege utfordringar i arbeid med alvorleg sjuke og eldre pasientar.

  • Arbeid med velferdsteknologiske løysingar i deler av helse og omsorgssenteret, og i heile helse og omsorgssenteret ved ferdigstilling i 2026.

  • Bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i tenesta.

  • Tverrfagleg samarbeid.

Me søkjer

  • Norsk aut. helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.

  • Anna relevant utdanning eller relevant erfaring kan kompensera for manglande kompetanse.

  • God norsk munnleg og skriftleg kompetanse.

  • Ryddig, strukturert og systematisk.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig.

  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert og positiv.

  • Du er fagleg trygg, deler av din kunnskap, og ynskjer å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode.

  • Du likar å arbeide kunnskapsbasert og sjølvstendig og tar ansvar på vakter.

  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv.

  • Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik helse- og omsorgssenter orgnr: 975270483
Kort om arbeidsgiver

Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde.

Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.

Tenestemålet er nynorsk.

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr.

Webside https://www.vik.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted VIK I SOGN (Adresse: Fjordavegen 1 Postnr: 6893)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 18-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b1e3f359-9529-43b9-b1ae-c3b784e3a2fb
Stillingsregistrering