Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 18-11-2024

 

Langevåg skule søker morsmåls-lærar med ukrainsk/russisk i 50 – 100%

Lærar skal i samarbeid med andre lærarar på skulen vere med på å gi elevar med andre morsmål enn norsk ei god opplæring og innføring i norsk skule. Den som vert tilsett må rekne med at delar av stillinga er knytt til SFO. 

Arbeidsoppgåver

Arbeid med morsmål og/eller grunnleggande norsk

Arbeid på SFO

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må kunne snakke russisk/ukrainsk og vi ønsker særskild søkarar med relevant utdanning. 

Gyldig politiattest må leggast fram.  

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga.
Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande avtalar.

Kontaktinformasjon

Ole Martin Tonheim, Rektor
Harald Weibust, Undervisningsinspektør

Arbeidsstad

Bratthaugmyra 39
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4880010849
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 18.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Langevåg skule, Sula kommune orgnr: 875277162
Kort om arbeidsgiver

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.   

 

Meir informasjon om Sula kommune her

 

Webside https://www.sula.kommune.no/tenester/oppvekst-og-utdanning/skule/skular-i-sula-kommune/langevag-skule/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted LANGEVÅG (Adresse: Bratthaugmyra 39 Postnr: 6030)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6eb54fc0-0911-41b8-a261-2dc756e585d7
IMPORTAPI