Landkrabbe med kontroll på innkjøp? – Fjord1 AS

Sales, retail and retail trade Salg butikk og varehandel

(3 uker siden)

  • FLORØ
  •  Lagt til dato: 27. februar 2025
  •  Expire date: 28. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 27-02-2025
Deadline: 28-03-2025

Landkrabbe med kontroll på innkjøp?

Har du erfaring med innkjøp og ønskjer nye utfordringar i eit framtidsretta selskap?

Fjord1 er ein verdensleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelige! Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi fram med å leie an i den maritime næringa.

Innkjøpsavdelinga treng no ein ny kollega til teamet. Vi ser etter ein engasjert innkjøpsrådgjevar som vil vere med å forme framtidas innkjøpsløysingar i selskapet. Her får du jobbe med strategiske innkjøp i eit av Norges leiande ferjeselskap, der kvalitet, innovasjon og berekraft står i fokus.

Avdelinga er i utvikling og treng deg som kan vere med på laget. Du vil bli ein del av eit kompetent team med dyktige kollegaer som brenn for faget sitt og samarbeider tett for å sikre dei beste løysingane. Vi arbeider aktivt med leverandørutvikling, rådgjeving og forhandlingar for å sikre gode innkjøpsprosessar og kontraktar. Her får du høve til å påverke viktige anskaffingar og vere med på å forme innkjøpsstrategiar som er både effektive og berekraftige.

Vil du vere med å styrke laget vårt?

Arbeidsoppgåver

Som innkjøpsrådgjevar vil du få stor variasjon i arbeidsoppgåvene og samarbeide på tvers av ulike avdelingar. Du vil spele ei sentral rolle i forhandlingar, leverandørutvikling og strategiske innkjøpsprosessar. I denne rolla vil du få eit breitt spekter av utfordringar, både operativt og strategisk, og vil vere ein viktig sparringspartnar for andre avdelingar. Du vil få moglegheit til å utvikle deg fagleg, ta ansvar og bidra til å forme innkjøpsstrategiane i eit selskap i utvikling.

Hovedoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av innkjøpsprosessar
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og avtalar
  • Forhandlingar og kontraktshandtering
  • Leverandøroppfølging og marknadsanalyse
  • Sikre etterleving av lov- og avtaleverk
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av innkjøpsstrategiar

    Kven er du?

    For å trivast og lukkast i denne rolla er det viktig at du har ein systematisk og analytisk tilnærming til arbeidet ditt, men samstundes er god på å bygge relasjonar og samarbeide med andre. Du er sjølvstendig og trygg i rolla di, men trivst også i eit samarbeidsmiljø der ulike perspektiv bidreg til gode løysingar. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, lærevillig og løysingsorientert – ein som ser moglegheiter der andre ser utfordringar.

    For å lukkast i rolla trur vi at du har:

    • Erfaring med innkjøpsprosessar og kontrakthandtering
    • Utdanning innan økonomi
    • God forretningsforståing og analytiske evner
    • Evne til å arbeide strukturert og målretta
    • Gode samarbeidsevner og sterk på relasjonsbygging
    • Gode IT kunnskaper og systemforståing

    Vi verdset mangfald og inkludering

     Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.

    Dette kan vi tilby deg

    Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst. Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.

    Din faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.

    Er du nysgjerrig? Ta gjerne kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg!

    Kontaktinformasjon

    Ingrid Namdal, Leiar innkjøp, 915 35 966, ingrid.namdal@fjord1.no
    Regine Gausemel, HR rådgjevar, +47 95440058, regine.gausemel@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Strandavegen 15
    6905 Florø

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 4925866398
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 28.03.2025

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Fjord1 AS orgnr:
    Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

    Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

    Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

    Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

    Webside http://www.fjord1.no
    Bransje Salg og service
    Yrke Salg, butikk- og varehandel
    Sted FLORØ (Adresse: Strandavegen 15 Postnr: 6905)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Privat
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 28-03-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8e9034e1-f70a-40d8-b1b4-f936ff5a1f4c
    IMPORTAPI

    Generic filters
    Exact matches only
    PrevNext
    SuMoTuWeThFrSa
         12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
    31