Lærlingar i oppvekst – Aurland kommune

Education Ledere av undervisning og utdanning

(1 dag siden)

  • AURLAND
  •  Lagt til dato: 8. januar 2025
  •  Expire date: 15. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 08-01-2025
Deadline: 15-03-2025

 

Lærlingar i oppvekst

Om stillinga

Me har ledige læreplassar i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2025.

Læretida er fordelt mellom barnehage, skule, skulefritidsordning (SFO) og fritidsklubb.

Aurland kommune har god erfaring med opplæring og oppfylging av lærlingar.

Når du søker må du laste opp / legge ved kompetansebevis VG1 og karakterutskrift VG 2, eller anna utdanning, samt aktuelle attestar. Dokumentasjon på eventuelt fråvær legg du også ved som vedlegg i søknaden. 

Arbeids- og ansvarsområde

  • ta del i det daglege arbeidet ved avdelinga / arbeidsplassen
  • ha ansvar for å vise fagleg utvikling gjennom dokumentasjon i opplæringsboka og gjennom samhandling med instruktør 

Me tilbyr

  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Løn som lærling etter Hovedtariffavtalen
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • Gratis inngang til symjehallen 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • fullfører vidaregåande skule, VG 1 og VG 2 i det faget / studiet  du søker lærlingplass i, innan våren 2025
  • andre utdanningsløp er også mogleg, legg eventuelt ved dokumentasjon

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagt. Me ynskjer lærlingar som har gode samarbeidsevner, er villige til å lære og som er ansvarsfulle. 

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i læretida
  • god orden og åtferd
  • eventuelt fråvær må vere dokumentert 
  • politiattest av nyare dato er eit krav for læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget 

Krav til språk

Det er ein føresetnad at den som får læreplass kommuniserer godt på norsk både munnleg og skriftleg. 
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. 

Me ynskjer deg velkomen som søkar til lærlingstilling i Aurland kommune. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aurland kommune orgnr: 983788599
Kort om arbeidsgiver

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Webside https://www.aurland.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted AURLAND (Adresse: Skulevegen 9 Postnr: 5745)
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4db9f3ef-00fe-447c-bee3-19e02e44003a
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/273126