Stillingsbeskrivelse

Published 19-09-2024
Deadline: 03-10-2024

 

Lærling sikkerheitsfaget

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift og har 3 seksjonar, seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.

Vi ser etter deg som er ferdig med vg2 og klar for å utvikle deg i faget gjennom to års læretid. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar. I løpet av det første halvåret får du tilbod om vektarkurs.

Vi har no ledig ein 100% stilling som lærling i seksjon sikkerheit. Oppstart så snart som mogleg og intervju blir gjort fortløpande.

Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål, vurdering frå YFF, relevante attestar og namn og telefonnr. til to referansar (arbeidgivar, lærar, rettleiar i praksis). 

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver tilpassa kompetansemåla i læreplanen
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rutinekontrollar av sjukehuset sine bygg og eigedommar 
  • Utrykkingsteneste på ulike typar alarmar t.d. innbrot, brann, teknisk, utagerande pasientar 
  • Handtering av parkeringsanlegg 
  • Beredskap ifm. helikopterdrift (HLO)  
  • Til tider er arbeidet fysisk krevande 

Kvalifikasjonar

  • Bestått VG1 Salg, service og reiseliv
  • Bestått VG2 Service, sikkerheit og administrasjon
  • Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
  • God vandel (det vil bli krav om uttømmande politiattest før tilsetting) 
  • Søkar må kunne sikkerheitsklarerast 
  • Teknisk innsikt og grunnleggande datakunnskapar 

Personlege eigenskapar

  • Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
  • Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
  • Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
  • Du er ærleg og lojal
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du har høg grad av ansvarskjensle og personleg initativ
  • Du har evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Du har evne til å halde hovudet kaldt og opptre roleg og beherska i utfordrande situasjonar
  • Du er i god fysisk form

Vi tilbyr

  • Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, fagleg og personleg oppfølging
  • Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
  • Eigne fagdagar for lærlingar
  • Rettigheitar og plikter som andre tilsette i sjukehuset
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Moglegheiter for vidare arbeid i Hospitaldrift sikkerhet
  • Bedriftsidrettslag med godt og variert tilbodArbeidstid: Turnus, tre-delt (dag, kvelds- og nattevakter) og kvar 4.helg
  • Lønn etter tariff for lærlingar
  • Vektarkurs

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Shahid Jawaid Bajwa, Driftskoordinator, 95857392

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4861921653
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Sikkerheit, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a936c6c2-1352-4e3b-8f3f-2a3468c89aea
IMPORTAPI