Lærling, IT-driftsfaget – Klepp kommune, Digitaliseringsavdelinga

Carpenters Elektriker elektro

(3 dager siden)

  • KLEPPE
  •  Lagt til dato: 6. januar 2025
  •  Expire date: 9. februar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 06-01-2025
Deadline: 09-02-2025

 

Lærling, IT-driftsfaget

Ønsker du å ha læretida i ein meiningsfull jobb?

Ønsker du å få kjennskap til IT-løysingar i alt frå barnehage og skule, kontorlokaler og teknisk drift til legevakt og sjukeheimar?

Ønsker du å følga utviklinga innan IT, både teknisk og med informasjonssikring og digitalisering?

Heile dette kinder-egget får du hjå oss i Klepp

Frå august 2025 søker me etter lærling innan IT driftsfaget

Klepp er ein mellomstor kommune, der du som lærling får prøva deg på alt. Samstundes vil det og vera mogleg å finna område du er interessert i, og utvikla kunnskapen om dette.

I Klepp arbeider me aktivt med digitalisering, og du vil få vera med på mykje spanande arbeid. Me er òg i gang med å bygga nytt rådhus, kultursal og kyrkje der vår avdeling har med nettverk, print og IT- og AV-utstyr. Dette arbeidet vil gå føre medan du er lærling hjå oss.

Arbeidsoppgåver

  • Installasjon, drift og vedlikehald av system
  • Innkjøp, klargjering og forvalting av utstyr og programvare
  • Arbeid med sikkerheit og feilsøking
  • Utarbeida brukartilpassa dokumentasjon og gje vegleiing
  • Brukarstøtte
  • Deltaking i prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Du har bestått VG 1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Du har bestått VG 2 Informasjonsteknologi, eller er ferdig med dette juni 2024
  • Norsk er arbeidsspråket i Klepp kommune. Du snakkar, les og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • Du kan tileigne deg fagstoff og forstå brukarmanualar skrivne på engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du er punktleg og påliteleg og har god ordenssans
  • Du tek personvern, informasjonssikkerheit og etikk på alvor
  • Du er fleksibel, kan samarbeide og kommunisera med andre og trivst med å yte service

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande kollegafellesskap som og finn på mykje sosialt saman
  • Ein lærestad som har lang erfaring i å utdanne fagarbeidarar
  • Ei IT-avdeling med brei kompetanse og stor variasjon i arbeidsoppgåver og ansvarsområde
  • Interessante og spennande arbeidsoppgåver
  • Tett og god oppfølging, vegleiing og evaluering, slik at me sikrar at du lærer det læreplanen krev for å bestå fagprøva
  • Lønn i henhold til tariff
  • Mobiltelefon og abonnement med fri mobildata
  • Betalt fri til å ta kjøretimer i arbeidstida

Ansettelse skjer på dei vilkåra og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei lovane og reglane som gjeld til ei kvar tid.

Kontaktinformasjon

Nils Arne Midtun, Digitaliseringssjef, +47 90612659
Øystein Lund, Lærlingansvarlig, 48950307

Arbeidsstad

Kleppevarden 2
4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4896365939
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp kommune, Digitaliseringsavdelinga orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Håndverkere
Yrke Elektriker/elektro
Sted KLEPPE (Adresse: Kleppevarden 2 Postnr: 4350)
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4c545dd1-e3f0-4cc1-97ec-3ba3732b9b01
IMPORTAPI