Lærling i gjenvinningsfaget – Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen 

Carpenters Feier

(3 dager siden)

  • KOKSTAD
  •  Lagt til dato: 6. januar 2025
  •  Expire date: 1. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 06-01-2025
Deadline: 01-03-2025

 

Lærling i gjenvinningsfaget

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, avdeling Teknikk, har ledig ein læreplass i gjenvinningsfaget. Læreplass i staten er lønsplassert i kode 1362, med startløn på kr. 418 500,-. Løna blir justert opp kvart halvår. Frå løna vert det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse.

Læretida er i utgangspunktet 30 månader, avhengig av utdanning og arbeidserfaring. Endeleg læretid blir fastsett i samråd med Vestland Fylkeskommune i samband med at det blir inngått lærekontrakt.

Er du interessert i miljø og berekraft? Ynskjer du å bidra til ei grønare framtid? Då er dette moglegheita for deg!

Nav hjelpemiddelsentral forvaltar store mengder hjelpemiddel, til høge verdiar. Hjelpemiddel vi får tilbakelevert, skal kjeldesorterast. Når det er mogleg skal produkta settast i stand og klargjerast for nye brukarar. Dette skal vere med og redusera miljøpåverknad, og fremje berekraftig ressursbruk. No søkjer vi etter ein engasjert lærling til teamet vårt, som kan vere med i dette arbeidet

Arbeidsoppgaver

Som lærling vil du vere med å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike arbeidsprosessar innan gjenvinning:

  • ta imot, kontrollere, klassifisere, klargjere og sortere avfall etter gitte kravspesifikasjonar
  • handtere farleg avfall etter gjeldande regelverk
  • klargjere avfall for videre behandling
  • vedlikehald av maskiner og utstyr
  • intern rettleiing i sortering og handtering av avfall
  • registrere og rapportere avvik i kvalitets- og internkontrollsystem
  • bli kjend med og følgje regelverk innan avfallshandterin

Kvalifikasjoner

For å bli vurdert til læreplassen må du ha:

  • fullført 1-2 år i vidaregåande skule i Teknologi og industrifag
  • interesse for miljø og berekraft
  • evne til å følgje rutinar og forskrifter, særleg knytt til sikkerheit
  • god IT-kompetanse

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • førarkort klasse B
  • truckførarbevis – dette kan du få hos oss om du ikkje har frå før

Personlige egenskaper

Vi ynskjer ein lærling som har

  • gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
  • teknisk innsikt og praktisk sans
  • motivasjon, engasjement og tydeleg serviceinnstilling
  • gode kommunikasjonsferdigheiter

Vi tilbyr

  • ei spanande, interessant og variert læretid med gode moglegheiter for utvikling
  • opplæring og rettleiing frå erfarne fagfolk
  • planlagde læremål og dokumentert oppfølging minst kvart halvår
  • minst 4 veker hospitering på gjenvinningsstasjon på fagområde vi har mindre av hos oss
  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø · moglegheit til å bidra til ei berekraftig framtid
  • teorikurs for å gå opp til eksamen i gjenvinningsfaget
  • gjennomføring av fagprøve på slutten av læretida

Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar på avdeling Teknikk Geir Sigurd Handegård, telefon 41 31 76 53.

Vi gjer merksam på at CV blir brukt i utvida søkarliste. Ta med originale vitnemål, karakterutskrift og attestar til eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Geir Handegård, Avdelingsleiar , 41317653

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4903363439
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.03.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen  orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Webside
Bransje Håndverkere
Yrke Feier
Sted KOKSTAD (Adresse: Kokstaddalen 35 Postnr: 5257)
Stillingstype Lærling Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e2011e23-c646-439e-8264-b78e94a44882
IMPORTAPI