Lærling helsefagarbeidar – Pleie og omsorg, Fyresdal kommune

Health and social care Helsefagarbeider

(3 uker siden)

  • FYRESDAL
  •  Lagt til dato: 3. november 2024
  •  Expire date: 24. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 03-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Lærling helsefagarbeidar

Opplæring i helsefagarbaiderfaget er på sjukeheim, i heimebaserte tenester og i tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne.

Arbeidsoppgåver

Som lærling hos oss vil du få opplæring etter fastsett læreplan, og du må delta aktivt i eige planleggings- og vurderingsarbeid. Du vil vere tilsett med same rettar og plikter som andre arbeidstakarar, og du skal bidra aktivt i kommunens daglege drift. Du vil etter kvart få auka ansvar og meir sjølvstendige arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Bestått vidaregående skule på VG1- og VG2-nivå (felles- og programfag)
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg for forsvarleg yrkesutøving
  • God orden og oppførsel
  • Lågt fråvær frå vidaregåande skule

Personlege eigenskapar

  • Er motivert til å lære meir innan fagområdet helse og omsorg
  • Arbeider strukturert og målretta med læreplanen din
  • Er opptatt av å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Er fleksibel og har evnen til å tilpasse deg ulike oppgåver 
  • Er punktleg, strukturert, påliteleg og ansvarsfull
  • Er glad i å jobbe med menneske
  • Er ein hyggeleg kollega som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er god på både samarbeid og sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr

  • Oppfølging og rettleiing etter vår oppfølgingsmodell
  • Fagleg og personleg utvikling
  • 50 % av begynnerlønn til fagarbeidar igjennom heile læretida, utgjer pr. d.d. kr 18 220,83 pr. månad
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtale og lokale lønnspolitiske retningsliner

Dokumentasjon på utdanning og praksis leggast ved søknaden. 

For alle stillingar gjeld dei reglar som går fram av lover, reglement og gjeldande tariffavtale.  

Namnet ditt kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på søkarlista.  

Aktuelle søkarar vil bli inviterte til intervju, og personleg eignaheit vil inngå i vurderinga.

Får du tilbod om stillinga må gyldig politiattest leverast til leiar/tenestestad.

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 35067188, gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Prærien 23
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 4880122991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Pleie og omsorg, Fyresdal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Webside https://www.fyresdal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted FYRESDAL (Adresse: Prærien 23 Postnr: 3870)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cc217cf4-4991-4bb7-b604-5557d774625d
IMPORTAPI