Lærarstillingar skuleåret 25/26 – Gulen kommune
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 13-03-2025
Deadline: 02-04-2025
Lærarstillingar skuleåret 25/26
Om stillingane
Kom og jobb som lærar i Gulen kommune – de er hjartleg velkomne!
Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, har frå nytt skuleår ledig fylgjande stillingar:
- 100% vikariat som lærar frå 01.08.2025 – 31.07.2026
- 100% vikariat som lærar frå 01.08.2025 – 31.03.2026
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling og har pr. no 60 elevar. Klikk deg inn her for meir informasjon om skulen.
Eining Dalsøyra barnehage og skule nyttar lokalmiljøet som læringsarena og har utvikla godt samarbeid med lokale aktørar. Eininga har eit flott uteområde nært knytt til sjø og fjell, som ligg godt til rette for meir utvikling og bruk. Skulen legg vekt på praktisk undervising, som til dømes fast utedag for 1.- 4. klasse og arbeidslivsfag.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Dalsøyra barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1- 10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Alle fag kan vere aktuelle, men me treng mellom anna lærarar som har undervisingskompetanse i matematikk. Funksjon som kontaktlærar kan vere aktuelt. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er naudsynt.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervising
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT- kunnskapar
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 914309506 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon. |
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | DALSØYRA (Adresse: Dalsbygda 68 Postnr: 5960) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 02-04-2025 |