Lærarstillingar – Garnes skule, Bergen kommune

Education Grunnskole

(1 dag siden)

  • GARNES
  •  Lagt til dato: 12. oktober 2024
  •  Expire date: 24. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 12-10-2024
Deadline: 24-10-2024

 

Lærarstillingar

På Garnes skule har vi ledig eit vikariat for kontaktlærar på 7. trinn dette skuleåret. Vi har og eit vikariat til på mellomsteget i ca 80% stilling.

Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med ca 320 elevar skuleåret 2024/25. Det er om lag 50 tilsette på skulen. Skulen sitt leiarteam består av rektor og fire avdelingsleiarar. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Vi har både båt og kano i skulen si eige. Du finn oss berre 15 minutt med tog+buss frå Bergen sentrum, eller ca 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.

Skulen er Olweusskule, og har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der dei fleste elevane har bokmål som sitt hovudmål. 

På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal få opplæring i tråd med læreplan og lovverk. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik.

Skulen si hovudsatsing er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med inkluderande opplæring for elevar med stort læringspotensial. No samarbeider skulen med PPT og NLA om inkluderande fagleg- og sosial opplæring. Inkludering er vår måte å arbeide med elev- og læringssynet i LK-20, elevmedverknad og aktive og motiverte elevar som får kjenne på meistring i skule og på SFO. 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og kontaktlæraransvar på mellomtrinnet
  • Trygg, varm og tydeleg klasseleiing
  • Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som bygger fagleg og sosial kompetanse
  • Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen
  • Samarbeide med foreldre, kollegaar og andre instansar.
  • Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kvalifiserer til fast tilsetting på 7. trinn
  • Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar er ei fordel.
  • Ønskeleg med erfaring frå undervisning i fleksible areal

Personlege eigenskaper

  • Du har eit sterkt pedagogisk engasjement der elevane si læring og trivsel er i fokus
  • Du er ein tydelig og varm vaksen
  • Du trur på at elevane gjer så godt dei kan
  • Du har kompetanse i å skape gode relasjonar til elevar, kollegaar og foreldre
  • Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
  • Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
  • Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Du er motivert for å jobbe i team på ein baseorganisert skule

Vi tilbyr

  • Bergen kommune – ein profesjonell og engasjert arbeidsgjaver.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette 
  • Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • Gode avtalar om td. boliglån i Statens Pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Synnøve Hjertaker, Rektor

Arbeidssted

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bergen kommune

Referansenr.: 4872139704
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 18.11.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 24.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Garnes skule, Bergen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.
Webside http://www.bergen.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted GARNES (Adresse: Postnr: 5264)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 18-11-2024
Søknadsfrist 24-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1cfe26b9-cd67-4cbc-a206-6180f173f9c6
IMPORTAPI