Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Lærarstilling – 80-100% vikariat
Om stillinga
Ved Leiknes skule vil det vil verte ledig eit lærarvikariat som faglærar. Stillinga er ledig frå 1.2.25.
Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule med om lag 180 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved Osterfjorden, 7 km køyring frå Knarvik. Skulen er ein DUÅ- skule og jobbar kvar dag mot å nå visjonen vår: «Leiknes skule – meistring og glede i fellesskap.»
Skulen sine satsingsområde er klasseleiing, lesing og førebyggjande skulemiljøarbeid med vekt på endring- og utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene som faglærar er undervisning på 1.-7. trinn. Skulen treng lærarar som kan undervise i alle fag. Stillinga vil innebere å samarbeide tett i klasse- team med fokus på eit inkluderande læringsmiljø med felles ansvar for gjennomføring av ordinær undervisning i klassane, intensiv opplæring og individuell tilpassa opplæring.
Kvalifikasjonskrav
Kompetanse
Godkjent utdanning i samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing på 1.- 7. trinn.
Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer ein lærar som:
– Kommuniserer godt meg barn og vaksne og er ein tydeleg og varm klasseleiar med høg grad av relasjonskompetanse
– Aktivt samarbeider med kollegaer og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og med fokus på fagleg og sosial læring
– Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
-Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga saman med profesjonsfellesskapet
– Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
– Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
– Bidrar til å utvikle skulen sitt positive arbeidsmiljø
Alver kommune har nynorsk som målform.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede
Vi tilbyr
Som ein del av vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | HJELMÅS (Adresse: Storneset 15 Postnr: 5915) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |