Lærarjobb i Sunnfjord kommune – Sunnfjord kommune Skule
Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-03-2025
Deadline: 06-04-2025
Lærarjobb i Sunnfjord kommune
Sunnfjordskulen er prega av trivsel, gode faglege resultat og godt profesjonsfagleg samarbeid. Vi har behov for fleire lærarar.
Som nyutdanna deltar du i eit eige program med andre nyutdanna. Dette er ein glimrande start på arbeidslivet som lærar!
Gode lønsordningar som kjem i tillegg til grunnløna di:
- kompetansetillegg om du har, eller tek studiepoeng ut over grunnutdanninga
- høge tillegg om du blir kontaktlærar
- gode tillegg om du ønsker å søke på funksjonsstillingar
Vidareutdanning
I Sunnfjordskulen har vi gode ordningar for vidareutdanning. Det er høve til å søke om vidareutdanning med løn, sjølv om du er nyutdanna eller nytilsett.
Sunnfjord kommune er i ein prosess der det kan bli endringar i skulestrukturen.
Vi har ledig faste og mellombelse stillingar ved følgande skular:
- Flatene skule
- Førde ungdomskule
- Halbrend skule
- Naustdal skule
- Sande skule
- Skei skule
- Slåtten skule
- Sunde skule
Stillingane er inntil 100 %.
Vi søker etter deg som har kompetanse i basisfag, spesialpedagogikk, mat og helse, musikk og kunst og handverk.
Kvalifikasjonar:
- godkjent lærarutdanning
- gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er tydeleg og motiverande i klasseleiing, relasjonsbygging og elevhandtering
- kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
- har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar.
Vi har i tillegg ledige lærarstillingar ved Vaksenopplæring og integrering.
Sunnfjord Vaksenopplæring og Integrering har ansvar for busetting av flyktningar og gjennomføring av introduksjonsprogrammet. Vi har grunnskule for vaksne, undervisning i norsk og samfunnsfag for vaksne innvandrarar og pensjonistar, og opplæring av einslege mindreårige. I tillegg har vi nettbasert norskopplæring og kveldsundervisning.
Kvalifikasjonar:
- godkjent lærarutdanning med minimum 30 studiepoeng norsk som andrespråk
- godkjent lærarutdanning med norsk, engelsk og naturfag i fagkretsen
Lærarar som skal undervise etter integreringslova utan minst 30 studiepoeng i norsk som andrespråk, vert tilsett i mellombelse stillingar.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi krev politiattest av ny dato før start i stilling.
Du finn meir informasjon om skulane og stillingane på skulane sine nettsider.
Det kan bli fleire ledige stillingar fram mot skulestart på fleire skular.
Søknad
Du søker elektronisk og prioriterer i søknaden kva skule du søker på. Det er viktig at du legg ved (lastar opp) vitnemål og attestar.
Velkommen til Sunnfjord. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO