Lærarar – Orstad skule, Klepp kommune

Education Grunnskole

(12 timer siden)

  • KLEPP STASJON
  •  Lagt til dato: 27. oktober 2024
  •  Expire date: 19. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 27-10-2024
Deadline: 19-11-2024

 

Lærarar

Lærarar / kontaktlærar

 

Orstad skule har fleire ledige stillingar!

Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet.

Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Orstad skule bruker smart oppvekst som skal bidra til robuste barn og ungdom som taklar det livet byr på i medgang og motgang.

I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing. Me jobbar med profesjonsutvikling gjennom Lesson Study, og me bruker læringsbrett i opplæringa. Skulen sin visjonen er «Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra», og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.

Arbeidsoppgåver

  • vere kontaktlærar / faglærar
  • planleggja og gjennomføra ei variert, utforskande og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
  • sørgja for eit trygt, inkluderande og godt skule – og klassemiljø for alle
  • delta aktivt i profesjonsfellesskapet

Kvalifikasjonar

  • du har formell undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskolen, 1.-7. trinn
  • det er ønskeleg med kompetanse i matematikk, norsk, engelsk og begynneropplæring
  • du har god forståing og kjennskap til  læreplanverket
  • du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
  • du er ein dyktig klasseleiar
  • du er ein trygg relasjonsbyggar med eit positivt elevsyn
  • du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
  • du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
  • du har godt humør

 

Vi tilbyr

  • ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
  • gode muligheter for fagleg og personleg utvikling

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons – og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.

 

Kontaktinformasjon

Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4877972137
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 19.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Orstad skule, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted KLEPP STASJON (Adresse: Skogvegen 26 Postnr: 4353)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7ea4702b-8d95-4d94-a732-803983e79522
IMPORTAPI