Lærarar – Emblem skule, Ålesund kommune

(5 dager siden)

  • ÅLESUND
  •  Lagt til dato: 27. mars 2025
  •  Expire date: 3. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 27-03-2025
Deadline: 03-04-2025

Lærarar

Vi på Emblem skule skal utvide laget vårt. Er du ein av våre nye lagspelarar?

Vi har ledig to lærarstillingar; ei fast stilling og eit vikariat i inntil 100 % skuleåret 25/26.  Begge stillingane er på 1.-4.trinn.

Vi søkjer etter engasjerte og dyktige lærarar, som er positive og opptekne av å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane på skulen.Den faste stillinga vil innebere kontaktlæraransvar. Vikariatet  med individuelt tilrettelagt opplæring (ITO), styrkingstimar knytt til tidleg innsats og timelærar i ordinær undervisning.

Emblem skule er ein ny og flott barneskule med om lag 200 elevar. Vi held til i lyse, flotte lokalar med gode spesialrom, bibliotek, amfi og eit ope hjarterom midt i bygget. Alle trinn har fine areal med klasserom, grupperom og fellesareal som gir rom ulike typar læringsaktivitetar. 
Vi har ein stor idrettshall, og eit uteareal som gir rom fysisk aktivitet, leik og variert undervisning. Skulen ligg nært skog, sjø og fjell. Om vinteren er det oppkøyrde langrennsløyper rett ved skulen.

Arbeidsoppgåver

  • Tett oppfølging av elevane sin faglege og sosiale utvikling
  • Pedagogisk utviklingsarbeid på trinn, team og felles for heile skulen
  • Samarbeid mellom heim og skule
  • Kontaktlæraransvar er aktuelt i den faste stillinga
  • Bidra til å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane våre

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse for 1.-7.trinn
  • God digital kompetanse og praksis
  • Kompetanse knytt til lese- og skriveopplæring
  • Kompetanse i engelsk

Personlege eigenskapar

  • Du er ein varm og tydeleg klasseleiar med blikk for tilpassa opplæring
  • Du har eit positivt elevsyn med evne til å bygge gode relasjonar
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • Du har evne til samarbeid både inn mot kollegar og føresette
  • Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Du bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og kollegaene dine
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Du er ein varm og tydeleg klasseleiar med blikk for tilpassa opplæring
  • Du har eit positivt elevsyn med evne til å bygge gode relasjonar
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • Du har evne til samarbeid både inn mot kollegar og føresette
  • Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Du bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og kollegaene dine
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på

Kontaktinformasjon

Jorun P F Sundklakk, Verksemdsleiar /Rektor, +47 70 16 51 01

Arbeidsstad

Markastien 15
6013 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4940789757
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 03.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Emblem skule, Ålesund kommune orgnr: 974573407
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ÅLESUND (Adresse: Markastien 15 Postnr: 6013)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/818e7858-5c86-4efe-a7f4-5ab9303879aa
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31