Lærar – Teknologi og industrifag – Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

(3 uker siden)

  • FOSNAVÅG
  •  Lagt til dato: 10. mars 2025
  •  Expire date: 31. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 10-03-2025
Deadline: 31-03-2025

Lærar – Teknologi og industrifag

Ved Herøy vidaregåande skule er det ledig 100% stilling som lærar i programfag på Teknologi og industrifag.

Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag
VG3 påbygging til studiekompetanse

Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Arbeidsoppgåver

Praktisk og teoretisk undervisning i programfaga på Teknologi og industrifag.

Kvalifikasjonar

  • Minimum eit relevant fagbrev og yrkesteoretisk utdanning. 
  • Har pedagogisk utdanning, eller seier seg villeg til å gjennomføre praktisk pedagogisk utdanning innan 3 år dersom den manglar. 
  • God IKT-kompetanse. 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som har eit positivt elevsyn og som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell.

  • Du må like å arbeide med ungdom.
  • Du har eit stort engasjement for faget ditt.
  • Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling.
  • Du har ein inkluderande veremåte.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du likar godt å samarbeide.
  • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med.
  • Personlege eigenskaper vert tillagt vekt i tilsettinga.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
  • Rettleiing for nytilsett pedagogisk personale.
  • God tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling.
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
  • Løns- og arbeidsvilkår i høve lov- og avtaleverk.

 

Kontaktinformasjon

Tore Tangen, Rektor, +47 95933931

Arbeidsstad

Lisjebøveien 4
6091 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4929690291
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Herøy vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om skolen (heroy.vgs.no) | Utdanningstilbod (heroy.vgs.no)

Webside https://heroy.vgs.no/
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted FOSNAVÅG (Adresse: Lisjebøveien 4 Postnr: 6091)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/23841cf5-7384-42d9-a4d0-2b45d8cc4a4a
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31