Stillingsbeskrivelse
Published 05-01-2025
Deadline: 20-01-2025
Lærar
Lærar Orstad skule
Orstad skule er på jakt etter nye lærarar. Vi har fleire lærarar som skal ut i permisjon våren 2025. Det er ledig vikariat som kan bli faste stilling hausten 2025.
Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet.
Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Orstad skule bruker smart oppvekst som skal bidra til robuste barn og ungdom som taklar det livet byr på i medgang og motgang.
I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing. Me jobbar med profesjonsutvikling gjennom Lesson Study, og me bruker læringsbrett i opplæringa. Skulen sin visjonen er «Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra», og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.
Arbeidsoppgåver
- vere faglærar
- planleggja og gjennomføra ei variert, utforskande og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
- sørgja for eit trygt, inkluderande og godt skule – og klassemiljø for alle
- delta aktivt i profesjonsfellesskapet
Kvalifikasjonar
- du har formell undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskolen, 1.-7. trinn
- det er ønskeleg med kompetanse i matematikk, norsk og engelsk
- du har god forståing og kjennskap til læreplanverket
- du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane
- du er ein dyktig klasseleiar
- du er ein trygg relasjonsbyggar med eit positivt elevsyn
- du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
- du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
- du har godt humør
Vi tilbyr
- ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
- gode muligheter for fagleg og personleg utvikling
Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons – og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Randi Harveland, rektor, +47 41292877
Arbeidsstad
Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4901699844
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 20.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Orstad skule, Klepp kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt. |
Webside | http://www.klepp.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | KLEPP STASJON (Adresse: Skogvegen 26 Postnr: 4353) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-01-2025 |