Stillingsbeskrivelse

Published 11-03-2025
Deadline: 02-04-2025

Lærar naturbruk og utmark 100% vikariat

100% årsvikariat som lærar i grønt naturbruk. Det er ønskjeleg med kompetanse innan gardsdrift, forvaltning og bruk av naturressursar i landbruket.

Arbeidsoppgåver

  • undervisning i programfag grønt naturbruk, både i den praktiske og teoretiske delen av faga
  • vurderingsarbeid
  • undervisning i tilgrensande fag ved skulen kan bli aktuelt
  • kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt
  • samarbeid med andre faginstansar ved behov

Kvalifikasjonar

  • relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule
  • god norskkompetanse, både skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
  • er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
  • gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter tariff

Anna 
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest.

Kontaktinformasjon

Leif Einar Næss, Avdelingsleiar naturbruk, 482 49 294, leif.einar.ness@mrfylke.no
Tone Syltebø, Rektor, +47 992 25 430

Arbeidsstad

Gjermundnesvegen 200
6392 VIKEBUKT

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4936025569
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 02.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: 974576449
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.

Webside https://gjermundnes.vgs.no/
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted VIKEBUKT (Adresse: Gjermundnesvegen 200 Postnr: 6392)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 02-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cd0bff26-5a82-472c-b468-4df6c86c91ed
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31