Lærar eller formidlar: Vil du få til meir MÅL på Jæren? – Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Education Instruktorer og pedagoger(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 09-01-2025
Deadline: 02-02-2025
Lærar eller formidlar: Vil du få til meir MÅL på Jæren?
Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken?
Hva vi ser etter
Deg me leitar etter er engasjert og har lyst til å vera med i eit lærerikt miljø og få meir nynorsk på Jæren.
Du likar å formidla og er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og arbeider sjølvstendig.
Utdanning og erfaring frå høgskule og/eller universitet er fint, men du treng ikkje vera ferdig studert. Har du erfaring som pedagog er det ein fordel, men ikkje noko krav. Har du arbeidd med journalistikk og/eller informasjonsarbeid er det fint.
Arbeidsoppgaver
Er du i tillegg ein idérik, engasjert og kontaktskapande person med drivkraft til å motivera og begeistra lærarar og elevar i skulen når språk og kultur er på timeplanen?
Då bør du søkja den toårige prosjektstillinga som Nynorskkommunane (LNK) no lyser ut.
Får du stillinga er du sjølv med på å forma innhaldet til prosjektet, men me ser for oss at følgjande område vil vera viktige:
-
Å møta elevar, foreldre, kommunar og skular for å setja fokus på språkarbeidet på ein positiv måte.
-
Å halda fram utviklinga av og informera om eksisterande læringsressursar.
-
Å utvikla arrangement og pedagogiske opplegg som formidlar språk, kultur og litteratur.
-
Å arrangera pedagogiske kurs til i undervisning i skulen, med spesielt fokus på norsk- og samfunnsfagspedagogar.
-
Å arrangera kurs for foreldre slik dei blir kjent med dei ressursar som er for å styrka kunnskapen om nynorsk — både som hovudmål og sidemål.
-
Å invitera studentar til å vera med å halda kurs og elevmøte om kultur, språk og identitet.
-
Å invitera studentar til å skriva oppgåver som kan vera med å setja fokus på opplæringsmål på Jæren, fakta og konsekvensar og korleis få fleire til å halda på målforma dei starta med i skulen.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, dagleg leiar LNK Nynorskkommunane — mobil 94875365, e-post post@lnk.no og Einar Schibevaag — mobil 913 08 972, e-post einar@schibevaag.no
Søknadsfrist: Snarast og seinast 2. februar.
Søknad med CV og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til post@lnk.no.
Vi tilbyr
Prosjektstillinga (100 prosent) går over to år og arbeidsstaden blir på det nasjonale Garborgsenteret på Bryne. I tillegg får du med deg ei engasjert ressursgruppe som vil bistå deg i arbeidet.
Du får dela kontorplass med dei fem medarbeidarane på Garborgsenteret — og du får òg åtte kollegaer i Nynorskkommunane som driv redaksjonane Framtida.no i Oslo og Framtida Junior på Stord.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Landssamanslutninga av nynorskkommunar orgnr: 974335670 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Landssamanslutninga av nynorskkommunar har 85 kommunar, tre fylke og fleire interkommunale selskap som medlemmar og har åtte tilsette. Prosjektet < |
Webside | https://lnk.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Instruktører og pedagoger |
Sted | BRYNE (Adresse: Hetlandsgata 11 Postnr: 4344) |
Stillingstype | Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 02-02-2025 |