Stillingsbeskrivelse
Published 12-12-2024
Deadline: 23-12-2024
Lærar
Ved Brattvåg undomsskule er det ledig vikariat for lærar frå 01.01.25 til 31.07.25.
Er du ein engasjert pedagog som kan bidra til å skape godt læringsmiljø, liker å arbeide i team og er god på å bygge relasjonar, ønskjer vi å kome i kontakt med deg.
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, ved Brattvåg stadion og Haram vidaregåande skuie. Vi har omlag 150 elevar og 22 tilsette, og det er 2-3 parallellar på kvart trinn. Vi er ein dysleksivennleg skule, og arbeider aktivt etter MOT-programmet. Visjonen vår er: «Vi skal ville kvarandre vel, og gjere kvarandre gode».
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og ver med å forme framtida.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på ungdomstrinnet.
- Undervisning i forhold til individuelt tilrettelagt opplæring.
- Fagleg og sosial oppfølging av elevar.
- Tett og godt samarbeid med kollegaer.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse på ungdomstrinnet.
- Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet.
- Godkjend lærarutdanning.
Personlege eigenskapar
- Du er ein god rollemodell, og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen.
- Du er engasjert, sjølvstendig, strukturert og liker å arbeide i team.
- Du er ein god relasjonsbygger.
- Du er ein god klasseleiar.
- Du er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne.
- Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale.
- Ein svært variert kvardag.
Kontaktinformasjon
Endre Hellandsvik, Verksemdsleiar/Rektor, 91181966, endre.hellandsvik@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 50
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4894009023
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 23.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Brattvåg ungdomsskule, Haram kommune orgnr: 975290182 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | BRATTVÅG (Adresse: Dalevegen 50 Postnr: 6270) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 23-12-2024 |