Stillingsbeskrivelse
Published 20-03-2025
Deadline: 06-04-2025
Lærar
Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 150 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Ved skulen er føljande stilling ledig frå 01.08.2025:
100% fast stilling som lærar i yrkesfag/realfag.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning
- Vurderingsarbeid
- Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam
- Til stilling må du som søkjar vere førebudd på å vere kontaktlærar
- Stillinga vil vere retta mot undervisning på både studiespesialiserande og yrkesfagleg programområde
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- er engasjert og posititv – med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø.
- har eit positivt elevsyn.
- er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg.
- er tilpassingsdyktig.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person med relevant utdanning frå fagskule/høgskule/universitet. Vedkommande skal undervise i:
- Programfag på programområde kjemiprosess- og laboratoriefag på yrkesfag og kjemi 1 på studieførebuande programområde.
I tillegg vil det vere ønskjeleg med undervisningskompetanse i eit eller fleire av følgjande fag:
- matematikk
- fysikk
- naturfag
Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning, men vi oppfordrar alle med relevant utdanning og/eller erfaring til å søkje.
Ved tilsetjing av kandidatar utan praktisk-pedagogisk utdanning er det eit krav om fullført PPU innan tre år.
Vi tilbyr
- Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det vert teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingen. Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun, rektor , 90694334
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4942181926
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
DIVERSE INFO