Lærar – 100 % vikariat – Sør-Fron kommune

Education Grunnskole

(7 dager siden)

  • SØR-FRON
  •  Lagt til dato: 11. desember 2024
  •  Expire date: 2. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 02-01-2025

 

Lærar – 100 % vikariat

Midtbygda og Harpefoss skule har ledig eit 100 % vikariat i undervisningsstilling. Vikariatet er ledig for snarleg tilsetting, og varer ut skuleåret. Det kan bli moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

Undervisningsstilling, som timelærar. Stillinga kan delast mellom fleire personar.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærerutdanning, eller anna relevant utdanning.
  • Vi viser elles til gjeldande avtaleverk.

Politiattest jf. Opplæringslova § 17-11 må leggast fram ved tilsetting, men skal ikke følgje med søknaden.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Er ein god og tydeleg klasseleiar.
  • Har godt humør og eit positivt elev- og menneskesyn.
  • En engasjert og målretta.
  • Har ein undervisningsmåte som skapar trivsel og læring.
  • Er sjølvstendig og trygg på deg sjølv.
  • Har god relasjonskompetanse.
  • Har god IKT-kompetanse.
  • Har gode samarbeidsevner, er fleksibel og kreativ.

Vi tilbyr

  • Eit ope og inkluderanse arbeidsmiljø der dei vaksne samarbeider.
  • Eit profesjonsfagleg fellesskap med fokus på motivasjon, medverknad og meistring i opplæringa. 
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Anne Rannveig Almehagen, Rektor Midtbygda og Harpefoss skule, 48092032, anne.almehagen@sor.fron.kommune.no

Arbeidssted

Bergevegen
2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 4896007588
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 02.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sør-Fron kommune orgnr: 875274392
Kort om arbeidsgiver

Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det to barneskular, ein ungdomsskole, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda.

Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg.Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar.  I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur.

I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje – Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren. 

Velkome åt Sør-Fron!

Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseselgarar.

Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden.

Webside http://www.sor-fron.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted SØR-FRON (Adresse: Bergevegen Postnr: 2647)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/50da4415-c617-4194-af62-0d106c0faef2
IMPORTAPI