Kyrkjemusikar / Organist – Austrheim Sokn

Kultur og kreative yrker Musikk lyd foto og video

(6 timer siden)

  • AUSTRHEIM
  •  Lagt til dato: 10. januar 2025
  •  Expire date: 26. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 10-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Kyrkjemusikar / Organist

Sokna på Austrheim og Fedje søkjer kyrkjemusikar/organist til gudstenester og kyrkjelege handlingar i Austrheim og Fedje kyrkjer.

Hva vi ser etter

Vi ønskjer oss ein allsidig musikar som

  • skal ha det overordna kyrkjemusikalske ansvaret i sokna i samband med gudstenester, vigsel, gravferd, sjukeheimsandakter, salmekveldar og andre kyrkjelege aktivitetar

  • har eit ønskje om å utvikle musikalsk arbeid og styrke songgleda i kyrkjelyden, saman med frivillige og staben.

  • tek ansvar for det lydtekniske utstyret i kyrkjene

  • er engasjert med i stabs- og planleggingsmøte for kyrkjeleg aktivitet

  • tek del i trusopplæringsaktivitetar.

  • samarbeider aktivt med det rike kulturlivet i bygdene

Av eigenskapar vil vi vektleggje

  • at du evnar å involvere, inspirere og skape musikkglede.

  • at du har god samarbeidsevne og leiareigenskapar.

  • at du er positiv og kontaktskapande.

  • at du er løysningsorientert og fleksibel.

Arbeidsoppgaver

Kyrkjelydane ynskjer ein kyrkjemusikar/organist som kan bidra både på orgel og på piano. Austrheim kyrkje har i mange år hatt forsongargruppe som vi ynskjer å satse vidare på. Dette vil vere viktig i stillinga. Vi ser etter nokon som kan samarbeide med korps og kor til forskjellige arrangement både i og utanfor kyrkja. Vi ser etter deg som har høgare utdanning i musikk, dugleik på orgel og piano.

Vi tilbyr

  • Du får løn og godtgjering i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i KA og pensjon- og forsikringsordning gjennom KLP.

  • Du må pårekna arbeid ettermiddag, kveld, helg eller på høgtidsdagar.

  • Du har ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkjene sine orgel og piano

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju og prøvespeling.

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing, jfr Kirkeloven §29.

Du må være medlem i Den norske kyrkja.

Du må ha førarkort og disponere eigen bil.

Oppstart i stillinga 1.april eller etter avtale.

Austrheim sokn er arbeidsgjevar.

Søknadsfrist: 26.januar 2025.

Send søknad til post.austrheim@kyrkja.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austrheim Sokn orgnr: 977012287
Kort om arbeidsgiver

Austrheim og Fedje kommunar ligg lengst nord og vest i Hordaland, eit ope landskap med hav på alle kantar og likevel ikkje meir enn 7 mil nord for Bergen. Austrheim sokn ligg i Austrheim kommune, med snart 3000 innbyggjarar. Fedje sokn ligg i Fedje kommune med litt over 500 innbyggjarar. Begge sokna ligg i såkalla eittsoknskommunar, der soknerådet også er fellesråd. Det er ei kyrkje i kvar kommune med tilsaman 5 gravplassar.

Webside
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Musikk/lyd, foto og video
Sted AUSTRHEIM (Adresse: Austrheimsvegen 1258 Postnr: 5943)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-04-2025
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4548c94d-7caf-493d-a89b-2f70dd95fa1f
Stillingsregistrering