Kyrkjelydspedagog i Sveio – Sveio Kyrkjelege Fellesråd

Kultur og kreative yrker Religiost arbeid

(6 timer siden)

  •  Lagt til dato: 9. oktober 2024
  •  Expire date: 4. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 09-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Kyrkjelydspedagog i Sveio

Sveio kyrkjelege fellesråd har to sokn, Sveio sokn og Valestrand og Førde sokn. Det er tre kyrkjer og eitt kapell der arbeidet vert gjennomført. Mykje arbeid er felles og vert gjennomført i Sveio soknehus.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

Utdanning som kyrkjelydspedagog eller anna relevant utdanning innan kristendom/ teologi, pedagogikk eller musikk. Anna utdanning kan vurderast.

Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Du må trivast med ein del kvelds- og helgearbeid. Fleksibel arbeidstid.

Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja.

Den som vert tilsett, må leggja fram tilfredsstillande politiattest, jfr Kyrkjelova §29.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsområde: Trusopplæring i Sveio sokn og Valestrand og Førde sokn.

Me søkjer ein kreativ og engasjert kyrkjelydspedagog/medarbeidar som kan leia arbeidet med trusopplæring i sokna i Sveio, i samarbeid med andre tilsette, trusopplæringsutvalet og sokneråda. Arbeidsoppgåver er mellom anna å leia babysang, dåpsskule, «Etter skoletid», arbeid for «Tweens» og andre tiltak i trusopplæringsplanen. Den som blir tilsett får nytta sine kvalifikasjonar og interesser og gjera aktivitetane i trusopplæring til sitt eige.

Sokna i Sveio har lange tradisjonar for å arbeida med frivilleg arbeid, og ein viktig del av arbeidet for alle tilsette er å byggja relasjonar og inspirera frivillege til å delta i soknet sitt arbeid.

Sokna i Sveio arbeider i stor grad saman for å styrkja arbeidet for born og unge i begge sokna, og ein del av arbeidet er felles for begge sokna.

Vi tilbyr

Vi kan tilby

Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar.

Fagleg og personleg utvikling.

Løn etter gjeldande KA-tariff.

Pensjonsordning i KLP.

Tilsetjing skjer med Sveio kyrkjeleg fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Sveio og Valestrand og Førde som arbeidsområde.

Kontorstad: Sveio kyrkjekontor i Sveio soknehus.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sveio Kyrkjelege Fellesråd orgnr: 977011299
Kort om arbeidsgiver

Sveio er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Den er den sørlegaste kommunen i fylket, og har berre fastlandsgrense til Rogaland. Kommunen grensar i sør til Haugesund og Tysvær, over fjorden i vest til Bømlo, over fjorden i nord til Stord og over Ålfjorden i aust til Vindafjord.

Hovudferdselsåra på Vestlandet, kyststamvegen E39, går gjennom kommunen. Sveio har om lag 5800 innbyggjarare som bur spreidd over heile kommunen.

Webside https://sveiokyrkja.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-02-2025
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b1edbcb6-d91f-414e-abad-9af3a8bd6af6
Stillingsregistrering