Stillingsbeskrivelse

Published 02-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Kyrkjelydspedagog i Fjell sokn- 60% vikariat

Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer ein kyrkjelydspedagog i 60% stilling (i perioden 01.01.2025-31.12.2025). Saman med gode medarbeidarar vil du jobbe for dele tru, håp og kjærleik til barn, ungdom og familiar i Øygarden. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn. 
Ønskjer du å dele bibelforteljingane, trua og dei gode tradisjonane i kyrkja til barn og unge i Øygarden? Vere med å ruste barn og unge til å møte verda ved å bli kjent med og få kunnskap om Jesus? Då er du personen vi søkjer.
 
Kyrkjelyden sin visjon er:   
«Ei kyrkje for alle.» Dette er ein open og imøtekomande visjon både for dei 7031 medlemane i Fjell sokn, og alle andre som er velkomne i og oppsøkjer kyrkja.
 
I sokneteamet i Fjell vil du saman med andre medarbeidarar utgjere den lokale staben.  
Du vil også vere ein del av ein fagseksjon «Seksjon for barn og unge», der alle pedagogar og ungdomsarbeidarar i heile fellesrådet tek del og møtest jamleg. 

Arbeidsområde

  • Leie trusopplæringa i Fjell sokn for målgruppa 0-18 år. Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av trusopplæringa
  • Kyrkjelydspedagog har hovudansvar for gjennomføring av trusopplæringsprogrammet, T-dagen, i soknet, i tett samarbeid med kyrkjelydspedagogane i Foldnes og Landro.

Målgruppe- Barn, ungdom og familiar

  • Samarbeide med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar for at barn, unge og familiar skal finne ein fellesskap i kyrkja som dei kan vekse i og kjenne tilhøyrsle og eigarskap til

Samarbeid i tverrfagleg sokneteam

  • Representere barn, unge og familiar inn i det tverrfaglege arbeidet i sokneteamet Fjell sokn, og jobbe saman med ulike medarbeidarar for å styrkje gudstenestefellesskap og kyrkjelydsbygging lokalt.   

Barnehagar og skular

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av kyrkja sitt samarbeid med barnehage og skule i soknet, saman med sokneprest, sokneteamsleiar, diakon og organist

Tweens og Tweens+

  • Klubb frå 5.klasse og oppover, annankvar fredag i Fjell kyrkje. Kyrkjelydspedagog har hovudansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av Tweensklubben. Dette er ein viktig møtestad og tiltak for barn og unge i Fjell sokn.
  • Ha ansvar for rekruttering og ivaretaking av frivillige i samband med tiltak for barn og unge i Fjell sokn.

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk og/eller teologisk/kristendomsfagleg utdanning på bachelornivå
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge i kyrkja og/eller frivillige organisasjonar. 
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk 
  • Førarkort klasse B  
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.  

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner. Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i sokneteamet utfyller kvarandre
  • Evner til god kommunikasjon og formidling i møte med barn og unge
  • Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og langsiktig
  • Evne til å byggje gode relasjonar
  • Tydeleg etisk bevisstheit rundt det å vere eit førebilete for barn og unge

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap. 
  • Arbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige
  • Tilsetting på dei vilkår som går fram av lover og reglement
  • Løn etter KA sine tariffavtalar. 

 

Anna

  • Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
  • Ein må rekne med å kunne få oppgåver i andre sokn i Øygarden kyrkjelege fellesråd
  • Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest utan merknad, jf. Lov om trus- og livssynssamfunn, kapittel 4, §20. 
  • Det er ønskjeleg med eit overlapp
    Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

Kontaktinformasjon

Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530
Erlend Femdal, Personalleiar, 90949360

Arbeidsstad

Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4867831631
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kyrkjelege fellesråd orgnr: 977012147
Kort om arbeidsgiver

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Webside http://kyrkja.no/oygarden
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted STRAUME (Adresse: Tytebærbrekko 2 Postnr: 5353)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c222eb9f-98b9-4b67-8bb5-ec6e30790082
IMPORTAPI