Stillingsbeskrivelse

Published 09-08-2024
Deadline: Snarest

 

Kyrkjelydspedagog/diakonimedarbeidar, fast stilling 100 %,

Trusopplæring og diakoni i Stord og Nysæter.

Fast 100 % stilling som kyrkjelydspedagog (40 %)/ diakonimedarbeidar (60%).

Arbeidsområde

  • Oppgåver innan kyrkjeleg undervisning og i skjæringspunktet mellom diakoni og kyrkjeleg undervisning.

  • Konfirmantar og tiltak innan ungdomsdiakoni.

  • Samtalar, sorgarbeid, fellesskapsbyggande arbeid mm.

  • Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kyrkjelydspedagog, kateket eller diakon.

  • Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi pedagogikk, diakoni og sosiale fag, vil også bli vurdert.

  • Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.

  • Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.

  • Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.

  • Du må vera medlem i Den norske kyrkja.

  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

Personlege eigenskapar

  • Hjarte for barn og unge.

  • God formidlingsevne.

  • God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.

  • God relasjonsbyggjar.

  • Kreativ og nyskapande.

  • God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.

  • Evne og vilje til samarbeid.

Me kan tilby

  • Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar

  • Fagleg og personleg utvikling

  • Løn etter gjeldande KA-tariff.

  • Pensjonsordning i KLP

Anna

  • Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.

  • Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.

  • Du må trivast med ein del kveld -og helgejobbing. Avspasering etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, eller via e-post til: liv.kari@kyrkja-stord.no

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord Kyrkjelege Fellesråd orgnr: 977011361
Kort om arbeidsgiver

Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagog, gravplasssarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personale, til saman om lag 12 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og 1 ungdomsprest.

Administrasjonsmålet er nynorsk.

Webside https://www.kyrkjastord.no
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted STORD (Adresse: Sæ 21 Postnr: 5411)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b42f07ed-8c21-4f28-a02b-f49309b5c316
Stillingsregistrering