Kyrkjelydspedagog – Alver kyrkjelege fellesråd
Kultur og kreative yrker Religiost arbeid(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 23-03-2025
Deadline: 22-04-2025
Kyrkjelydspedagog
Har du eit ønske om å gi Jesus vidare til nye generasjonar? Vi søker etter ny kollega til arbeidet for og med barn og unge i Knarvik sokn.
Alver kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som trusopplærar i Knarvik sokn i 60%-stilling. Her får du vere på gode og gøye samlingar i trusopplæringa, saman med stab og frivillige medarbeidarar.
Arbeidsoppgaver
- Saman med stab og frivillige planlegge og gjennomføre samlingar, og vidareutvikle desse, ut frå gjeldande trusopplæringsplan.
- Aktuelle samlingar er til dømes: Babysang, fredagsklubb for tweens, delta på familiegudsteneste og i konfirmantarbeidet.
- Delta på julevandringar for barnehagane og på skulegudstenester.
- Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar.
- Kateket er leiar for undervisningsarbeidet i kyrkjelyden, og har ansvar for undervisninga av konfirmantane. Fordeling av arbeidsoppgåver mellom kateket og kyrkjelydspedagog vert gjort etter kvalifikasjonar og erfaring.
- Arbeid ettermiddag/kveld og helg må påreknast.
Oppgåvene kan endrast etter avtale med arbeidsgjevar. Kyrkjelydspedagog kan òg få oppgåver i andre deler av fellesrådsområdet.
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning med kristendomsfag og/eller pedagogikk i kretsen.
- Relevant praksis frå kristen undervisning og forkynning for barn.
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Kunnskap/erfaring med bruk av PC som arbeidsverktøy.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper
- Like å arbeide for og med barn og unge, samt å formidle til barn og unge.
- Evne til å planlegge, gjennomføre og evaluerer arbeidsoppgåver.
- God på å samarbeide, og også god på å arbeide sjølvstendig.
- Vise initiativ, vere kreativ og fleksibel.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei variert og triveleg stilling
- Høve til kurs
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og tariff (KA)
- Forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
- Pensjonsordning gjennom KLP
- Gode digitale verktøy og tenestetelefon
- Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
- Søkjarar må ha førarkort og disponere bil.
- Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Kontaktinformasjon
Synnøve Bjørndal, Daglig leiar, 40916407
John Fredrik Wallace, Kyrkjeverje, 48284872
Arbeidsstad
Lonsvegen 100
5914 Knarvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Alver kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4943199193
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kyrkjelege fellesråd orgnr: 924586699 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Alver kyrkjelege fellesråd vart etablert i 2020 og består av 5 sokn med til saman 29 tilsette og 8 prestar. Alver kommune har om lag 30.000 innbyggjarar og 75% er medlem i Den norske kyrkja. Kommunen består av både bygder og bygdebyar og mange pendlar til Bergen.
Knarvik sokn har 4 kyrkjer; Knarvik, Alversund, Seim og Lygra, og omlag 6500 medlemmar. Knarvik kyrkje feira nyleg 10-årsjubileum, og er ei flott kyrkjebygg med svært gode lokale til barne- og ungdomsarbeid. Det er aktivitet i alle kyrkjene, men det meste av arbeidet for barn og unge er lagt til Knarvik kyrkje. |
Webside | http://www.kirken.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Religiøst arbeid |
Sted | ISDALSTØ (Adresse: Lonsvegen 100 Postnr: 5914) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 22-04-2025 |