Kurator – KORO – KUNST I OFFENTLIGE ROM

Kultur og kreative yrker Museum bibliotek arkiv

(20 timer siden)

  • OSLO
  •  Lagt til dato: 22. oktober 2024
  •  Expire date: 13. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-10-2024
Deadline: 13-11-2024

 

Kurator

KORO har ledig ei åremålsstilling som kurator / seniorkurator i kunstseksjonen. Åremålet er på 4 år.

Arbeidsoppgåver

Kunstseksjonen i KORO har som oppgåve å planlegge, gjennomføre og finansiere kunstprosjekt i alle former for offentlege rom. Kuratorstillinga vil ha oppgåver knytt til KORO sine kunstordningar. Den som vert tilsett vil arbeide med planlegging, gjennomføring, forankring og formidling av kunstprosjekt i offentlege bygg, offentlege uterom og andre offentlege miljø, mellom anna i det nye regjeringskvartalet i Oslo. Arbeidet vert utført i eit tett samarbeid med dei andre fagseksjonane i KORO.

Kvalifikasjonar

Kunst- og/eller kuratorfagleg utdanning frå universitet / høgskule på masternivå
Solid erfaring med kuratering av kunst, helst også kunst i offentlege rom
Brei kunnskap om norsk og internasjonal samtidskunst
God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • God forståing for moglegheiter og utfordringar innanfor kunst i offentlege rom
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide kreativt, sjølvstendig, målretta og effektivt

Vi tilbyr

Interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Stillinga vert lønna i lønnsspennet 650 000 – 800 000, i stillingskode 1434/1364, rådgjevar/seniorrådgjevar, i lønnsregulativet i Staten. Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar. Medlemskap i Statens pensjonskasse.

Kontaktinformasjon

Nora Ceciliedatter Nerdrum, Kurator og leder for kunstseksjonen, +47 90082133

Arbeidssted

Victoria terrasse 11
0251 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: KORO – KUNST I OFFENTLIGE ROM

Referansenr.: 4875907101
Stillingsprosent: 100%
Åremålsstilling
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.05.2029
Søknadsfrist: 13.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver KORO – KUNST I OFFENTLIGE ROM orgnr: 924339845
Kort om arbeidsgiver

KORO arbeider med produksjon, formidling, forvalting og utvikling av kunnskap innanfor kunst i offentlege rom. Vi har som mål at samtidskunst av høg kvalitet skal vere tilgjengeleg for eit breitt publikum over heile landet. KORO er staten sitt fagorgan for kunst i offentlege rom og er ei eining under Kulturdepartementet. Vi har 27 medarbeidarar og kontor sentralt i Oslo. Verksemda til KORO er i stor grad organisert i tverrfaglege prosjektgrupper.

KORO vil ha ein arbeidsplass som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for arbeidstakarar, til dømes ved å tilby tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

 

Webside http://www.koro.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Museum, bibliotek, arkiv
Sted OSLO (Adresse: Victoria terrasse 11 Postnr: 0251)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-06-2025
Søknadsfrist 13-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c05c1dc7-c8dd-495f-9ee0-257cdddcedcd
IMPORTAPI