Kunne du tenke deg eit vikariat på Vikedal skule til våren? – Vindafjord kommune Oppvekst
Education Grunnskole(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-12-2024
Deadline: 18-12-2024
Kunne du tenke deg eit vikariat på Vikedal skule til våren?
Me søker:
Lærarar, studentar eller andre med pedagogisk erfaring til kortare og lengre vikariat utover våren 2025.
Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 160 elevar. Vikedal skule ligg fint til med gåavstand til idrettshall og flott natur. Me har sosial læring og utvikling som fokusområde i utviklingsarbeidet vårt, og me treng deg som brenn for dette arbeidet.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Me treng lærarar, studentar og dei med pedagogisk erfaring som kan undervise på alle trinn.
Kvalifikasjonar:
- Lærarutdanning eller påbegynt lærarutdanning er ønskeleg, andre kan og bli vurdert.
Personlege eigenskapar:
- Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkje litt utanfor boksen og er glad i utfordringar.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønnsvilkår:
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg skal legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO